...
Sånn. Bra.
Som Andreas skreiv har vi begynnt med noko nytt her i Heimdalsgate 6: stensilgraffiti. Eg har hatt lyst til dette i 3-4 år, men ikkje gjort noko med det før no. Det hjelper godt å ha ein entusiastisk Andreas i huset.


100x33cm på 100x50cm lerret. Eitt lag.
Det var dette verket Andras prata om. Eg har og laga eit eksemplar til mamma og pappa, som heng på veggen heime i Ørsta. No er eg på jakt etter ny inspirasjon, og trur eg vil fortsette å publisere bileter av ferdige produkt her på bloggen. Det er kanskje ein kjip måte å ta opp att blogging på, men betre enn ingenting.