30 april, 2006

Å vere bønnesvaret

Når eg held vitnesbyrd eller pratar til nokon om bønnesvar, slår den same tanken alltid ned i meg: er dette verkeleg frå Gud? Eg har jo ingen garranti om det, for det kunne jo skjedd tilfeldig. Eg tvilar, rett og slett. I dag har det allerede skjedd noko stilig. Tilfeldig? Kanskje. Eg kallar det bønnesvar!

Eg vaknar tidleg, og merkar at eg ligg delvis påkledd under dyna med linser på og ein ånde som vitnar om manglande tannpuss kvelden før. TV-en og lyset ved senga blei heller aldri skrudd av, og veltrente, lettkledde TVShop-damer helsar god morgon. Timinga er god, for eg har akkurat tid til frukost og dusjing før bussen går til gudstenesta klokka 11:00. Eg sjekkar mkirken.no for å vere sikker. "Generasjonsgudstjeneste". Eg har ansvaret for grilling under kirkekaffien, og skal spele til lovsongen. Dette blir bra.

Den einaste bussen eg kan ta, går 10:04. Når eg kjem fram er kyrkja heilt tom. Ingen bilar utanfor. Låst. Kanskje gudstenesta startar 12:00? Eg låser meg inn og tek til å leite etter trommestikker. Kan jo øve medan eg ventar. Etter fem-ti minutt kjem Kirsten, ho er ansvarleg for gudstenesta. "Hva gjør du her nå? Det begynner ikke før fire, vet du?". 16:00, faktisk. Over fem timar til! Eg fann ingen trommestikker.

Så idiotisk, eg ler av meg sjølv. Kirsten tilbyr seg å køyre meg heim, men eg nølar. Dette er jo min feil. "Ok, da!", det er sikkert ein time til neste buss. Ho må stoppe ved huset sitt for å hente førarkortet. Ho hentar lappen og set seg i bilen. Så nemnar ho, på veg til å vri om nøkkelen: "det er krise hjemme nå, laptopen til mannen min har klikka, og han må ha klart en presentasjon til jobben på tirsdag!". "Kan eg ikkje bli med inn å sjå på det, når eg først er her?", spør eg. Vi går inn.

Laptopen inneheld eit dokument som Jørg Inge skal presentere i USA om eit par veker. Han er avhengig av at laptopen fungerar, og treng dokumentet allerede til tirsdag. Problemet var overkommeleg, og er fiksa i løpet av nokre minutt. "For en halvtime siden tok jeg i PC-en og ba til Jesus om at ha måtte hjelpe meg!", sa Jørg Inge. For ein halvtime sidan. Jørg Inge ringer, Gud bringer.

Eg kunne ha forsove meg. Eg kunne ha sjekka tidspunktet på mkirken.no. Eg kunne hugsa at sist generasjonsgudsteneste begynnte klokka 16:00. Eg kunne funne trommestikker og blitt igjen i kyrkja. Eg kunne ha takka nei til skyssen. Ho kunne hatt med seg førarkortet til kyrkja. Ho kunne lat vere å seie det med laptopen. Eg kunne blitt sittande, sidan vi eigentleg var på veg heim.

Tilfeldig? Kanskje. Eg kallar det bønnesvar!

Yeah, baby!

Gjett kven som fekk plass på Ansgar!

Dette var kjekt, gitt. Eg skal gå Bibel og Musikk, eit år eg trur blir bra for meg på fleire måtar: andeleg, sosialt og musikalsk. Eg spelar trommer og cello, for de som ikkje veit det, dog celloen har leie på hylla dei siste fem åra. Eg visste eg skulle vere i Kristiansand neste år, og då må vel Ansgar vere midt i blinken.

Eg har bestemt meg for å ikkje bu på skulen, men fortsette på Lund. Kontrakta her går ut no i slutten av månaden, så det hastar med å finne nytt husrom. På Lund. Nokon som vil bu saman med meg? Eg har allerede prata med buddy Odd om dette, men han klarar ikkje heilt å bestemme seg.

Eg har og bestemt meg for å ikkje leve Ansgar-livet 110%, slik mange gjer. Det er sikkert heilt topp, men eg skal for det første ikkje bu der, for det andre har eg opp til fleire miljø her i byen, for det tredje tener eg i Randesund Misjonskirke og for det fjerde er eg litt eldre enn flesteparten. Det freistar ikkje like mykje med folkehøgskule-internat-koz-vaffel-pysjamas-galskap no lengre. Eller kanskje det ikkje er sånn der? Eller kanskje eg berre trur eg ikkje likar slikt? Heh, skal sjå eg sit der på internatet i pysjamas med vaffelen i handa og kozar om nokre månader.

Men uansett, folkens, då har de meg plassert eit heilt år framover! Yeah, baby!

28 april, 2006

Gåstavar og selleri neste

I går- og i dag tildeg har eg og buddy Odd Norvall, ja, dette er galskap, hald deg fast, brace yourselves, etc.: vi har jogga!

Jogging, altså. Det er jo ingen big deal når ein først er i gong, ein må berre kome seg ut. Véret har vore kjempestas i det siste, i alle fall på morgonen. Så når Odd sendte melding ugudeleg tidleg i går, hadde eg rett og slett inga unskydning. Det er med andre ord ikkje mitt initiativ, dette her. Den skal Odd ha for seg sjølv.

Sist gong eg jogga hugsar eg godt, det er tre år sidan, eg skulle trimme ned magen etter å ha budd hjå farmor i eitt år. Heime i Ørsta venta dama og sommaren, så det gjekk ikkje å sjå slakteklar ut. No er sommaren her igjen, dog utan dame eller bilringar i særleg grad. Men jogge gjer eg. Det er vel eigentleg berre godt å gjere noko. Ein god start på dagen, må eg innrømme.

Nokre glimt frå dagens tur i Baneheia:


I toppen der sit ein vassekte hakkespett! På ekte!


Odd på kvilebenken


Den same benken frå ein annan vinkel


Lekkerbisken


Posers


Gutta på tur


Psykiatrien på tur

26 april, 2006

Dagsreferat

Dette har vore ein innhaldsrik dag, gitt. Eg berre skriblar ned nokre høgdepunkt, sidan eg ikkje får sove.

- Eg sto opp tidleg og jobba tre-fire timar. Sto opp tidleg, altså.

- Eg ba meir enn normalt, - målretta, for bestemte personar. Det skal bli ei daglegdags oppgåve, har eg tenkt. Ta kontakt om du treng forbøn.

- Eg prøvde å hente ut data frå ein kræsja 2,5"-harddisk, og ikkje kven som helst sin harddisk: den tilhøyrer leiaren for studentmisjon i Sentral-Asia. Innhaldet var fortapt, dog. Ta backup, folkens.

- Eg fekk servert kaffi ved tre anledningar i dag: hjå ein kamerat, hjå tanta mi og på møte. Eg vil tru vi snakkar ti koppar. Ikkje rart eg sit her og ristar klokka tre om natta.

- Eg vaska kjøkengolvet og trappa, samt støvsugde her og der. Glenn, fyren eg bur saman med, sa han blei blenda av resultatet.

- Eg besøkte ein kamerat med behov for litt selskap og samtale. That's what friends are for.

- Eg møtte opp til eit møte som var avlyst, i regn og greier. Utfallet blei at eg besøkte tanta mi i staden for, der eg fekk smake Toffeefee for første gong. Steis! Det var så godt, eg gløymte regnet og bomturen og alt.

- Eg tok til å sjå sesong 4 av serien "24". Den er så usansynleg bra! Greia er at eg har alle episodene liggande, så det går fort to, tre, fire, fem i slengen. Farleg.

- Eg vart med som ein av tre initiativtakarar som skal jobbe for eit levande musikkmiljø i kyrkja. Vi hadde vårt første møte i kveld, og eg har skikkeleg trua!

- Eg fann ut at ein av dei andre tre er ein legendarisk trommis, og avtalte å ta nokre timar med han. Håper han kan lære meg betre teknikk.

- Eg merka at eg fekk ro på meg med tanke på neste år, for dette initiativet i kyrkja passar perfekt i hop med at eg skal gå Bibel og Musikk på Ansgar. Tilfeldig?

- Eg var på nippet til å klippe av meg alt håret, igjen, men klarte ikkje bestemme meg i dag heller. Eg ser alt for streit ut. Hmm, eg er jo streit. Er eg streit? Hjelp! Eg er streit!

Og med det takkar eg for i dag. God natt.

24 april, 2006

The ultimate high

Det er berre ein som kan snu livet opp ned, radikalt, på kort varsel. Det er ikkje meir enn fire dagar sidan eg sat her, i denne stolen, med eit behov for å skrive om Satan. No sit eg her igjen, men dette innlegget dreiar seg om ein ganske annan kar.

Og nei, eg skal ikkje skrive om rusmiddel. For de som ikkje skjønte overskrifta, er "high" det same som "rus". Den ultimate rus. Den Gamle Sæbjørn (DGS) kunne kokt effekten av rus ned til tre ord: gøy, risikabel og sløvande. Det kan virke som om DGS har peiling på rus og veit kva han pratar om, men han har ikkje erfart ein overdose Jesus! Denne helga har vore ein konstant trip, som det heiter. Fantastisk, spanande og skjerpande: that's more like it!

Greit, eg skal kutte rusmetaforane. Klisjé, seier du? Dei er i så fall klisjéar med god grunn.

På fredag bar det til fjells, sjølv om det neppe var høgt over havet. Hægeland er eit stykke land ein time nordover frå Kristiansand, ikkje så langt frå metropolen Øvrebø. Teamet eg er ein del av, som skal til Mexico i sommar, fekk låne ei diger hytte der oppe, og det var duka for weekend.

Vi er ikkje så mange på teamet, rundt ti stykk, og det passar meg bra. Det var håp om større påmelding, men vi endte opp med kun leiarar. Og kven veit: kanskje det var ein grunn til det. Eg merkar at vi kan fokusere smalare, utan å ta hensyn til to grupperingar innad i teamet. Behageleg, effektvivt, straumlinjeforma. Klart, det hadde vore stas med femten ungdommar på turen, men det ungdomsarbeidet i Randesund Misjonskirke treng no, er ei nytenkande, engasjert og inspirert leiargruppe. Rekrutering av nye leiarar treng ikkje skje på andre sida av jorda.

Mitt mål med helga var å føle teamspirit. Det er slik at vi møtest ein gong i veka på eit kontor, og det boostar ikkje kjensla av felleskap i særleg grad. Det gjer derimot ein weekend. Og jammen blei det ikkje både teamspirit og felleskap på hytta dei dagane, ja, alle forventningar blei infridd! Vi grilla og solte oss saman, leika saman, laga mat og åt saman, ba og lovsong saman. Felleskap er ei fantastisk gåve!


F.v.: Rune, Inger Malene, Birgitte, Silje og Kjetil

Eg merka eit heftig antiklimaks når eg kom heim i dag, midt på dagen. Kor blei dei av? Det er jo berre meg her! Eg ville ha meir, eg var høgt oppe. High. Jammen flaks at det var sundag og møte på Salem om få timar. Eg takka Gud for glimrande timing.

Utan å skrive eit langt referat frå kveldsmøtet, kan eg seie at det var heilt spesiellt. I alle fallfor meg. Vaksendåp, amerikansk gjestetalar, trøkk i lovsongen, you name it. Alt stemte. Under siste økt med lovsong kunne eg enkelt letta og svevd over forsamlinga. Eg klarte knapt å stå stille, og tok tak i- og rista sidemannen, stakkar. Snakkar om krona på verket, ei helg med fullt fokus på Gud og dei rundt meg. Så heldig eg er!

Dette innlegget kunne blitt kjempelangt, men eg skal heller ta med meg inspirasjon frå helga og blogge om detaljar seinare. Følg med.


Sæbjørn blir brun og mett på same tid

Takk, Gud, og alle andre som møtte meg i helga. Dette trengte eg!

21 april, 2006

Tips: sjekk nettaviser med RSS-feeds

Alle store nettaviser tilbyr RSS-feeds på lik linje med Blogger. Her får du oversikt over dei siste artiklane, kan lese overskrifter og ingressar, samt klikke deg rett inn på den aktuelle sida. Ved å lese nettavser på denne måten, får du med deg langt meir frå forskjellige kjelder, ikkje berre den eine avisa du gidd å sjekke. Les det som interesserar deg!

NB: dette tipset bygger på innlegget "Tips: sjekk bloggar med RSS-feeds og Opera", så viss du ikkje har komt i gong med RSS i det heile, bør du lese den først.

Dette krev stort sett ingen forklaring. Eg skal heller liste opp ein haug med nettstadar som tilbyr RSS-feeds, så kan du velge og vrake. Linkane under leier anten direkte til feeden, eller til ei oversikt over forskjellige feeds frå den aktuelle nettstaden. Dagbladet, f.eks., tilbyr mange kategoriar, som kun sport, data eller utanriks. Med andre ord ein feed per kategori.
Norske aviser:
Vårt Land
Dagbladet
Aftenposten
VG
NRK
TV2 Nettavisen
Fædrelandsvennen
Adresseavisen
Stavanger Aftenblad
Bergens Tidende

Utanlandske aviser:
BBC
CNN
New York Times
Washington Post
Reuters

Data og teknologi:
ITavisen
Digi.no
Akam.no
Amobil.no
Programmer.no
Hardware.no
Teknisk Ukeblad
Wired
Slashdot
ComputerWorld

Diverse:
Hegnar
Dagens Næringsliv
Statistisk Sentralbyrå
Skatteetaten
Stortinget
Forskning.no

Dette burde halde for dei fleste. Dersom du har problem med å få dette til å fungere, kan du anten legge igjen ein kommentar med eit spørsmål, eller teste ut eit anna program for å lese feeds, f.eks. NewzCrawler eller FeedReader. Lykke til!

20 april, 2006

Å gi Djevelen fingeren

I forrige innlegg skreiv eg litt om det å vere åleine. Faktum er vel at ein aldri er heilt for seg sjølv, at det alltid er nokon der saman med deg. Gud og Djevelen. Ein på kvar skulder.

Så på kva øyre skal ein lytte? Eg opplever det slik at Gud er klar for action, men utan å ta initiativ, medan Djevelen kviskrar og skravlar anten du vil eller ikkje. Det er vel det derre "fri vilje". Gud vil at vi skal kome til han, noko eg tydelegvis er alt for dårleg til. Trur eg haldt meg for det eine øyret i dag. Guds øyre. Noko så dumt.

Det verste er at eg gjenkjente Djevelen ganske tidleg, utan å gjere noko med det. Han er jo alltid klar for å dra meg ned, og i dag låg forholda så absolutt til rette. Eg står opp seint, utset eit oppdrag frå jobben, set meg forran PC-en med dataspel i eine handa og ein dårleg frukost i den andre. Eg skriv eit deppa innlegg i bloggen og lar det gå time etter time med ... ingenting. Eg tenker stadig på kva eg gjer på, altså ingenting. Eg gir Djevelen fingeren.

Brått er eg inne i velkjente tankar om kor giddalaus eg er, korleis eg ikkje fullførte studiar i år heller, mangelen på mål og meining. Eg gir Djevelen fingeren. Han minner meg på delar av fortida eg helst vil gløyme, at eg ikkje brukar evnene mine, at eg er singel tredje året på rad, at eg generellt ikkje får det til. Eg gir Djevelen fingeren, - han tek heile handa.

Det er rart med det, korleis ein frivillig kan slå følge med Djevelen langt ned i mørkret. Kvifor skal det vere så vanskeleg å be når ein har konkret behov for Jesus? Djevelen hadde taket på meg i dag, og fekk meg til å like det, syns synd på meg sjølv. Gi opp. På eitt tidspunkt føltest det deilig å berre sitte der og vere elendig.

Men no har eg bestemt meg: neste gong eg gir Djevelen fingeren, gir eg han langefingeren, i form av god gammaldags bøn! Eg har jo både mål, evner og kunnskap inne. Det er ikkje synd på meg. Eg må omfavne Den Nye Sæbjørn og gløyme han andre og alt han har gjort. Lei av å vere singel, ja, men kjærleiken er for dyrebar til at eg kan dele han med kven som helst.

Med ei enkel bøn, ved å ydmyke meg for Gud, kunne dagen i dag vore ganske anleis.

Socialize!

Det er sprøtt at når eg ikkje har noko eg må gjere, gjer eg heller ingen ting. Når eg har ein del eg må gjere, gjer eg desto meir i tillegg. På fritida. Slik som det er no, at eg berre jobbar litt, blir dagane så veldig tomme. Det var jo no eg skulle gjort det eg ikkje har tid til ellers.

Kva er greia med å ikkje gidde å gjere noko som helst? Eg tek til takke med dei lavaste former for underhaldning for å unngå å kjede meg. Ser ein film, spelar litt data, osb. They call me SkanDahle. Jepp.

Eg har mest lyst til å gjere noko saman med andre, som alltid, men eg tør ikkje mase på folk. Det får holde med noko kjekt på kvelden, slik som i dag: vafler og film/spel med ein kamerat. Reknar med eg skal lage vaflene. Det blir bra, då har eg i alle fall noko å sjå fram til resten av dagen.

Når eg vaks opp var eg mykje åleine. Mamma og pappa var stadig travelt opptatt, stadig på jobb, på songarstevne med koret, på øvingar, konsertar, osb. Etter at eg flytta ut fortsette eg å vere mykje åleine, sånn til dagleg, sjølv om eg har budd saman med folk heile vegen. Skulle eg var god til å vere åleine, men har vel heller komt fram til at det er direkte usunt!

Spør du meg, treng ikkje sosial omgong vere forbeholdt helga. Eg skulle ønske terskelen for å sende ein skal-vi-henge-SMS var ein god del lavare. Dette er ikkje eit egoistisk hint frå mi side, - vi har jo kun godt av å vere saman. Kanskje tenke utanfor den klassiske kino/"vafler og film"-rama (hehe, no offence), framprovosere forskjellige situasjonar, få med nokon litt utanfor gjengen, skape minner! Vi vil jo kjenne kvarandre, eller hur?


Eksempel på utradisjonell aktivitet

Hmm.. dette innlegget utvikla seg frå det eine til det andre, gitt. Trur eg berre er lei av og sitte inne å sjå sola varme opp gardinene mine langt oppe på veggen der. Ok, stå opp, på med sko. Kom an, Sæbjørn! Gidd!

18 april, 2006

Tips: sjekk bloggar med RSS-feeds og Opera

Dette tipset er til deg som les ein haug med bloggar, eventuellt til deg som har lyst til å lese mange, men ikkje gidd å sjekke ein og ein. Ja, spesiellt til deg. Dette høyrest kanskje avansert ut, men det er det ikkje.


RSS er lure greier. Det er kort forklart ei lita fil som inneheld eit samandrag over noko, i vårt tilfelle: blogginnlegg. Denne fila blir laga automatisk, og ramsar til ei kvar tid opp dei siste blogginnlegga til ein viss brukar. Deg, for eksempel, dersom du har ein blogg. Når du skriv eit nytt innlegg, vil denne hamne øverst i samandraget ditt.

Du brukar eit visst program for å sjekke desse filene, og merk: gjerne mange om gangen! Så mange du vil. Du kan til og med be programmet sjekke filene for deg regelmessig, f.eks. kvar halvtime, og gi beskjed dersom det finn noko nytt.

Tenk deg at du har lagt inn bloggane til alle du kjenner, kanskje ti forskjellige. Ein annan stad i værda sit veninda di, Marianne, og publiserar eit nytt innlegg om den crazy katten sin. Ho er ein av dei ti. Det har no gått ein halvtime sidan sist gong programmet ditt oppdaterte seg, så det byrjar automatisk å kontrollere dei ti RSS-filene, ein etter ein. Ni av desse filene var prikk like sist gong programmet sjekka, men Marianne si fil inneheld ei ny oppføring i samandraget (det nye innlegget om katten). Programmet gir då beskjed til deg, viser deg overskrifta på innlegget, og let deg hoppe rett inn via nettlesaren.

Lurt? Ja. Du slapp å sjekke dei ni bloggane der det ikkje var kome noko nytt. I tillegg fekk du beskjed med ein gong innlegget kom, dvs. slutt på å lese innlegg med utdatert innhald fordi du berre gidd å "ta runda" annankvar dag.

Du forstår poenget. Så korleis kome i gang? Du treng to ting:
1. Adressene til bloggar du vil følge med på.
2. Eit program som sjekkar RSS-feeds for deg.

1.
Den første er enkel, i alle fall her på Blogger. Adressa til bloggen min er:
http://skandahle.blogspot.com
... og adressa til RSS-feeden min er:
http://skandahle.blogspot.com/atom.xml
Du puttar altså berre "/atom.xml" på slutten av adressene. Enkelt.

2.
Når det gjeld kva program du bør bruke, fins det eit utal å velge mellom. Det er faktisk stor sjangs for at eit program du allerede har kan sjekke RSS-feeds. Det greiaste er viss nettlesaren din klarar dette, - det er jo den du skal lese i bloggane med uansett, og den har du ofte framme på skjermen.

Dei fleste brukar Microsoft Internet Explorer som nettlesar (eg kallar den "IE" frå no av). IE kan ikkje sjekke RSS, og er ein rein invitasjon til spam, spionasje, reklame og virus. Sidan så mange brukar den, er den ekstremt missbrukt.

Ein nettlesar du vil kjenne deg igjen i, som er enkel å bruke og langt sikrare enn IE, er Opera. Den kan sjekke RSS-feeds for deg, ser bra ut og er rask. Last ned Opera gratis her: engelsk, bokmål, eller nynorsk versjon. No kan du slå to fluger i ein smekk: surf sikrare og kom i gang med effektiv blogglesing med RSS-feeds.

Når du har lasta ned-, lagt inn- og starta Opera, kan du prøve å trykke på denne linken (i Opera), eventuellt kan du lime inn ...

"http://skandahle.blogspot.com/atom.xml"

... i adressefeltet (utan hermeteikn). Adressa leiar til min RSS-feed. Opera spør deg då om du vil melde deg på "SkanDahle", noko du sjølvsagt vil.


I det du trykkar på knappen viser det seg ei liste over mine siste innlegg, og du har fått ein ny meny øverst i Opera som heiter "Feeds", "Kanaler" eller "Info-kanaler". Nederst i denne nye menyen ser du namnet på min feed og eit tal i parentes. Talet viser antal nye innlegg.


Prøv å legge inn fleire feeds til folk du kjenner, og sjå lista vokse. Når du trykker på eitt av namna i menyen, får du opp vindauget til den respektive bloggen. Marker innlegga som lest ved å anten trykke på ein og ein, eller merke fleire og høgreklikk/trykk direkte på k-knapen på tastaturet. Når Opera finn eit nytt innlegg (dvs. eit innlegg du ikkjer har markert som lest) i ein av bloggane, blir skrifta feit, og det vil stå "(1)" bak namnet.


Som standard sjekkar Opera alle RSS-feeds du har lagt inn kvar 3. time. Viss du vil sjekke oftare, kan du endre på det slik som vist på biletet under (trykk for stor utgåve). Repeter eventuellt dette for fleire feeds på lista.


Sånn, då er du i gang! No treng du berre sjekke den nye menyen din i Opera, så har du kontroll på x antal bloggar i ein sleng. Det fins sjølvsagt enda betre måtar å gjere dette på, men denne er enkel og gjer jobben. Viss det var noko du ikkje forsto må du berre skrive ein kommentar på dette innlegget, så svarar eg. Lykke til!

17 april, 2006

Posers

Mellom måltida frukost og middag har eg og Ole Andreas gått tur i Oslos gater. Igjen må eg riste på hovudet over all posinga. "Look at me!", liksom. Eg syns synd på dei, samtidig som eg sikkert er heilt totalt "ut" i H&M-bukse, H&M-jakke, einsfarga t-skjorte til 50 kr., 3-for-1 noname-boxer, noname-sokkar stjåle frå pappa, billege Eurosko-sko og uflidd hår eg har klipt sjølv.

Kven har eit problem? Mr. and Mrs. Successfull eller fattig-og-ikkje-peiling-på-trendar-Sæbjørn? Det er to alternativ og to riktige svar, men ein må spørre seg kva som ligg i ordet "problem" her.

Det er nok mykje vi ikkje ser bak dei fancy fasadane. Dei har kanskje ikkje problem med sosial status, blikk eller sjølvkjensle. Flott for dei. Dette blir reine spekulasjonar. Eller, kanskje det er nettopp dette dei har? For nokon er det ein hobby å følge med på motar og trendar, shoppe og stase seg opp, og det er sikkert kjekt. Men kva med alle dei andre? Så trist det må vere å føle seg ubekvem og utanfor på grunn av ytre, kosmetiske verdiar.

Eg har ikkje alltid hatt dårleg råd, det er eigentleg berre dei siste par åra. Likevel er eg heilt utanfor trendar og handlar ytterst skjeldan klé. Kjøpte meg nye sko no i påska, men det etter å ha brukt eitt par sko kvar dag i over eitt år. Og dei fekk eg. Er det rart eg kallar bloggen SkanDahle?

No overaskar det vel ingen at eg ikkje har draget, og dykk som kjenner meg veit dette. To-tre år sidan sist forhold, jada jada, bla bla. Men ærleg tala: dersom jenter vurderar meg på grunnlag av korleis eg ser ut, kan dei berre ha det så godt.


Typisk eksempel på posers

KøQuiz


I går fekk eg og Ole Andreas akkurat raska med oss gudstenesta i Ørsta før vi sneik oss ut under postludiumet og satte kursen mot Oslo. Snøblinde over Strynefjellet og lettare aggressive i kø langs Mjøsa (sjå bilete) brukte vi over ni timar, - nesten to timar meir enn Ole Andreas' søster, Evie, som begynnte på same strekninga litt seinare same dag.


Så, ok, vi hadde uflaks. Dårleg vér korta inn påskeferien til osloværingane med ein dag, og vi traff rushet. Grøss. Takk og lov at vi ikkje skulle heilt heim i går! No har vi overnatta hjå Evie og køyrer vidare til Kristiansand i sjutida ...

Quiz:
- Det er siste dag i ferien.
- Strekninga tek normalt fireogeinhalv time.
- Lasset med resterande påsketuristar skal heim frå hytter, slekt og vener.

Kor lang tid kjem vi til å bruke?


Frukost hjå Evie og kjærasten Thomas

15 april, 2006

Påskerefleksjonar

Påska er enno ikkje over, men det følest slik. Eg skal reise i morgon tidleg, frå ein heim til ein annan, 90 mil sør. Viss eg ser bakover i historia, bør eg vere litt trist, i alle fall ikkje sitte her åleine forran ein PC. Eg burde vere ute med ein vennegjeng, utnytta laurdagen, sosialisere meg alt eg kan. Men noko er annleis i år.


Etter at eg kom inn på Salem i Kristiansand i haust, har det skjedd store ting: ein sosial eksplosjon! Eg blei tidleg dradd med på ting, stadig kjent med fleire, var alltid velkommen. Nokon av dei eg har møtt er no nære vener, og eg føler eg har vorte ein del av gjengen. Det har gått usansynleg fort, og takk Gud for det: eg har fått metta eit behov eg ikkje visste eg hadde.

I snart to år har eg vore ein del av ungdomsarbeidet i Randesund Misjonskirke. Det var der eg blei frelst, og det er eg høyrer heime. Når eg kom inn i arbeidet var det som å gå frå blakk til millionær, - Gud gav meg alt på ein gong. Men det eg ikkje har merka, før no, er at eg har havna mellom to aldersgrupperingar. Ungdommane er rundt 15 år, dei andre leiarane 16-20 og 26+. Eg er 23.

Eg trudde ikkje dette var så nøye, men eg merkar det godt når eg er på Salem. Dialogen, interessene, døgnrytmen, - alt berre stemmer så mykje betre. Bølgelengde, er ordet.

For å kome tilbake til poenget: turane heim til Ørsta har ikkje same mål lengre, merkar eg. Her fekk eg noko Kristiansand ikkje gav meg: felleskap med vener på min eigen alder. No har eg ein fantastisk gjeng i Kristiansand, og sanninga er at eg lengtar ned att!

De som har blitt kjent med meg der nede, ser Den Nye Sæbjørn. Dei som kjenner meg her, ser Den Gamle Sæbjørn. Eg er glad i alle her oppe, det er ikkje det, men slik det er no vert livet i Ørsta eit etterslep. Kvar gong eg er her, sit heime, møter folk og er på fest, vert eg minna på alt som høyrer til livet før Jesus. Her blir eg freista!

Difor er det så godt å vere Den Nye Sæbjørn blant folk som tek meg for den eg er, ikkje ser ein Sæbjørn svartmåla av tidlegare hendingar. Når eg er blandt dykk, ser eg kven er verkeleg er, kven eg har blitt, og svartmålar heller ikkje meg sjølv. I Kristiansand er det håp, her er det kamp!

Dette er kanskje harde ord for gjengen her i Ørsta, men ikkje ta det personleg. Dette skjer inne i meg, og eg klandrar ikkje dykk for noko. Vi har det alltid moro saman. Takk for meg, - vi snakkast til sommaren.

Er det han i Hansons?

Inspirert av Stines ca. to dagar gamle innlegg om manglande hår på hovudet til lillebroren, legg eg ut nokre bilete av slik eg såg ut på hovudet for berre fire år sidan (2002).

Eg sat og såg igjennom bileter frå ferien vi hadde i USA det året, og det var ganske mange kandidatar til bloggen. I staden for å velge eitt, tek eg med alle ti. Hald deg fast!

Eg og mamma i Disney World, Orlando, FL


Eg og mamma i Everglades nasjonalpark, FL


Eg, mamma og eit australsk søskenbarn i Washington DC


Eg og mamma forran Niagara Falls, NY


Mr. Wet and Wild, Bahamas


Og om du lurte: krøllane er fordufta! Kva skjedde der, liksom? Dei berre forsvann. Har høyrt nokre rykter om at håret har fasar på tre år (?) der det vekslar frå ein type til ein annan, i mitt tilfelle: frå krøllete til kjipt. No er det kjipt.

13 april, 2006

A Guided Tour: heime i Ørsta

Eg er, som de kanskje forsto i forrige innlegg, heime i Ørsta for tida. I dag har eg lurt meg unna skituren på grunnlag av prinsipp mot dårleg vér. Når eg då sat der og hadde god tid før middag og lite å gjere på, slo det meg at mange av dei eg har blitt kjent med i Kristiansand ikkje veit korleis det ser ut her eg kjem frå. Så her kjem ein slags guida tour!

Legg merke til at ting ikkje ser spesiellt strøkent ut. Du får ein usminka versjon av korleis huset kan sjå ut, ein heilt vanleg torsdag i april. Eg rydda ikkje, vaska ikkje, og har heller ikkje tukla med bileta i ettertid. The real deal! Noko anna som ikkje er strøkent, er alt som ikkje er måla utanpå huset. De kan kanskje gjette kven det er sin feil? *kremt*

Bileta er tatt med pappas splitter nye Canon EOS 350D digital SLR, for de som er interessert. Forran sit eit 18mm semi fisheye-objektiv, noko som gir eit litt ekstremt perspektiv. Vidvinkel! Trykk på bileta for ein bittelitt større versjon.


Huset sett utanfrå


Vindfanget og gangen


Kjøkenet


Etestova (spisestuen)


Stova


Gjestebadet (mitt bad!)


Pappa sitt kontor + pappa i standardposisjon


Loftstova


Gjesterom


Mitt gamle rom, no fullt av stæsj


Delar av kjellaren


Utsikt frå loftstova



Her budde eg frå eg var 5 til 19 år. Koseleg å vere heime, gitt. Fare for at det blir ein del slike bileteseriar. Håper det er greit. Bilete seier meir enn tusen ord, veit dykk.

Fekk nettopp vite at eg kjem ned att til Kristiansand litt før venta, dog eg hoppar kanskje av i Oslo og blir der ein dag eller to. Sei ifrå viss du (som bur i Oslo) vil ha besøk!