11 oktober, 2007

Stencil goodness!

Som tittelen antydar er dette ein rein spinoff frå Andreas' innlegg. Les det først, - fortset her når du er ferdig. Seriøst, det vil gi den beste opplevinga.

...

Sånn. Bra.

Som Andreas skreiv har vi begynnt med noko nytt her i Heimdalsgate 6: stensilgraffiti. Eg har hatt lyst til dette i 3-4 år, men ikkje gjort noko med det før no. Det hjelper godt å ha ein entusiastisk Andreas i huset.





100x33cm på 100x50cm lerret. Eitt lag.

Det var dette verket Andras prata om. Eg har og laga eit eksemplar til mamma og pappa, som heng på veggen heime i Ørsta. No er eg på jakt etter ny inspirasjon, og trur eg vil fortsette å publisere bileter av ferdige produkt her på bloggen. Det er kanskje ein kjip måte å ta opp att blogging på, men betre enn ingenting.