17 mai, 2006

Tankar frå framsetet

Eg har nettopp vore i tomannscellegruppe i ein Mercedes utanfor huset mitt. Klokka er ca. 03:30 og når eg ein gong står opp seinare i dag er det 17. mai, korps og skandale, men no eg berre blogge, og det litt kjapt!

Eg merkar at dei innlegga eg har skreve her, der eg verkeleg har noko viktig å seie, les eg om og om igjen. Innlegget om å "gi Djevelen fingeren" har eg lest sikkert 10-15 gongar. Eg veit jo kva som står der, men det er godt å minne meg sjølv på erfaringar og tankar eg har gjort meg. No har eg nettopp tenkt ein del, fått mykje bra input, og det må ned på "papiret" så eg kan lese det til meg sjølv. Igjen og igjen. Dette blir ganske ufiltrert hjernetømming, så hald deg fast ...

The Matrix
Teori: vi som trur på Gud, den allmektige, trur på eit alternativt sett med logikk.

"For ingen ting er umulig for Gud."
Luk 1, 37

Ingen ting? Wow, det sprenger jo den logikken vi sansar og opplever i det daglege! Sprøtt. Ja, ikkje-kristne må tru vi er heilt på bærtur. Vi trur at alt går ann, rett og slett. Er det rart dei har problem med å forstå "greia"?

Er det ikkje dette konseptet "å tru" dreiar seg om? Å kunne gi slipp på vårt jordlege, menneskelege, kvardagslege sett med logikk og omfavne Guds allmakt? Korleis skal vi kunne be viss vi framleis held fast på lover frå fysikken, matematikken, historiske fakta og erfaringar? Det blir eit paradoks.

Neo, han i filmen, blei konfrontert med eit nytt sett logikk. Morpheus er frelst, han vil sette Neo fri, lære han sanninga, misjonere. Neo himlar med augene, ristar på hovudet, - det strir jo mot all logikk! Neo måtte sjå for å tru.


Eg likar den scena der han skal hoppe frå ein skyskrapar til ein annan. Eit logisk sett umogleg hopp. Ved første forsøk tvilar han og dett rett i asfalten. Men ettersom han tek til å tru, bryt Neo stadig fleire grenser. Han gir meir og meir slipp på logikken han er van til, - og alt blir mogleg. "How did he do that?!", Morpheus smiler, - "He is beginning to believe!".

"Og alt dere ber om i bønnene deres, skal dere få, når dere ber med tro."
Matt 21, 22


"Derfor sier jeg dere: Alt det dere ber om i bønnene deres – tro at dere har fått det, og dere skal få det."
Mark 11, 24

Basic? Kanskje. Dette hjelper i all fall meg til å forstå ufrelste betre. Korleis dei ser på oss. Vi er jo crazy. Eg har lenge lurt på korleis eg skal prate til ein ikkje-kristen om kva det er å tru på Jesus og all galskapen, korleis eg kan forklare det. Eg trur eg vil begynne med: "har du sett The Matrix?".


Å fortrenge
"Sett at alle erfaringane dine, gode og dårlege, er eit ark. Kvart minne er eit stykke papir. Du kan opne permen din, finne ein passande kategori, sette inn arket der det skal stå og lukke permen. Men du kan og velge å sleppe arket ned på golvet, la det blande seg med andre ark, prøve å skubbe det inn under liknande papir. Det er det enklaste.
Etter kvart blir golvet fullt av slike ark, små haugar du ikkje har oversikt over. Av og til plukkar du opp eitt av dei, utan at du eigentleg vil, mest sansynleg eit dårleg minne du helst vil gløyme. Du berre grip eit tilfeldig papir, eitt du ikkje orka å sette i permen for ei stund sidan, ja, kanskje for lenge sidan."

Eg synest det er eit godt bilete på kor viktig det er å behandle erfaringar varsamt, sette dei i permen, ikkje fortrenge det som er vondt. Det kjem berre tilbake i utide, uventa. Værre.


Konsekvensen av å synde
Eg har i det siste merka kor godt det er "å gå med Gud", som det heiter så fint. Det har både fysisk og psykisk effekt på meg. Eg blir generellt i godt humør, tenker positive tankar, er optimistisk, bekymrar meg ikkje, tek initiativ og får ting gjort, - eg likar meg sjølv! Det er så deilig! Som regel er dette på topp etter felleskap med andre kristne, og eg held det ved like med bøn. Tek med Jesus gjennom dagen.

Konsekvensen av å synde er at alt dette fantastiske kjem på avstand. "You don't know what you've got, until it's gone." Det var slik eg la konkret merke til det. Når eg syndar, og veit om det, merkar eg korleis eg skyv Jesus på avstand. Ein rein invitasjon til Djevelen. Humøret går rett ned, eg angrar, bekymrar meg, blir slapp, gir opp, - misslikar meg sjølv igjen.

Eg har ofte tenkt-, og høyrt fleire dra klassikaren: "litt synd gjer vel ikkje noko, vi kan jo berre be om tilgjeving". Så greit å vere kristen, liksom. I denne samanhengen har eg forstått greia med "å vere fri". Vi kristne syng og pratar stadig vekk om det. Men fri, sa du? Det er jo og ein klassikar, at kristne bind seg til ein haug av reglar dei må følge, stakkars.


"Jesus svarte: Sannelig, sannelig, jeg sier dere: Den som gjør synd, er slave under synden."
Joh 8, 34

That's right, J-Man! Når du syndar blir du slave av synda. Humøret, samvitet, bekymringane, heile sulamitten. Fri, derimot! Eg har kjent på kroppen dei endringane som skjer, konsekvensane det har, og Gud veit: i det siste har eg hatt det veldig, veldig bra! It's elementary, dear Watson!

Elementært, ja, men sjølvsagt ikkje enkelt. Bli lik Jesus, - yeah, right. Ein ting eg prøvar å endre på i desse dagar, er løgn. Spesiellt "coverups". Når eg tek meg sjølv i å lage ei falsk forklaring på kvifor eg kjem for seint, f.eks., samlar eg heller litt mot til å tåle pepper. Det er da noko? Ein stad må ein begynne.

...

Hjelp, no er det snart morgon. Du ser ikkje meg i barnetoget, for å seie det slik. Men dette var godt. Det eg ikkje skreiv ned no, kjem vel fram seinare. Så god natt/morgon, kjære deg, og gratulerer med dagen! Gud velsigne konge og fedreland, og det der.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Du er en kløpper på skrivinga Sæbjørn!!

Anonym sa...

Hei Sæbjørn. Det er utrolig bra og lese, knall inspirerende. God er god, ikke noe å si på det :)
Klem Cathrine