12 mai, 2006

Pause?

Nei, på ingen måte. Eg har ikkje lagt inn noko på ei stund no, men det er ingen mystisk grunn til det. Fint vér ute, godt humør, jobbing og liknande fører tydeligvis til lite blogging. Det som er kjekt, for min del, er at de faktisk masar på meg! Her er ein liten update sidan sist:

Mopeden fungerar igjen, noko som fører til bruk av hjelm. Alle som har tatt på seg ein motorsykkelhjelm veit at sveisen er fin inn, stygg/crazy ut. I tillegg er krøllane vekke, som sagt, og håret mitt blei berre kjipare og kjipare. Så på måndag tok eg ein ...



... ogsåberre ...




... oj! Vips, kort hår. Dvs. det er kort framme, langt og grusomt bak. Men ikkje le når du ser meg, eg sparar til hockey. Det er meininga! Langsiktig prosjekt.

Moped, ja, det er ein fin ting. Eg har mekka litt på den i det siste, skifta kjedestrammar og tennplugg, så no går den som aldri før. I går, etter Mission Impossible 3, var eg så dum å låne den vekk. Igjen. Sist sleit kjedestrammaren, denne gongen rauk frontlykta. Veit ikkje heilt kvifor, men eg må uansett fikse det før eg brukar mopeden igjen. Køyring utan frontlykt = bot og pryl frå polisen.

Apropos Mission Impossible 3: den beste actionfilmen på veldig lenge. Steis, den hadde alt, og akkurat passe med smooch og kliss på slutten. Veldig bra lyd i Fønix 1, må eg seie. Kom på ei reportasje frå nyhende på NRK Sørlandet, der dei intervjua han som installerte lydanannlegget den gongen dei fornya salen for ca. eitt år sidan. Dette er den same mannen som har installert surround i alle dei store norske kinosalane, og han sa, rett ut, at Fønix 1 no har den beste lyden i Noreg. Svært.

Eg har blitt medlem i Randesund Misjonsmenighet sidan sist. I går, faktisk. Det er godt å høyre heime der ute sånn for alvor, på papiret, og vise at eg er einig i det dei står for.

I dag er det fotball på programmet, om knappe 40 minutt, så torsken eg steikar på bør bli ferdig. I dag har eg jobba litt, sett dei to siste Lost-episodene og gått rundt utan linser med vilje. I går hadde eg eit rekordille allergiutbrot! Det var heilt krise. Eg kunne knapt opne det høgre auget mitt. Ei i kyrkja gav meg nokre tablettar, og det hjalp, men irritasjonen varte ut kvelden. Det er som å ha to-tre hår i auget, som du ikkje kan ta ut. Du må heller ikkje finne på å klø deg, då blir det kun værre. Pollenspreiinga er på eit historisk høgt nivå desse dagane, så eg ringte ein lege i Ørsta i dag og fekk han til å faxe ein resept. Dersom du ikkje har resept får du berre kjøpt 7 tablettar i gongen, dyrt, og det blir for dumt når eg mest sansynleg må gå på medisin i heile sommar.

Men no må eg ete middag. Skal skrive meir veldig snart, eg lovar!

1 kommentar:

Anonym sa...

Endelig ny blogginlegg!!
er inne hver dag, så du må bare peise på :D:D

go sæbby!!