21 juni, 2006

Aaaatsjo!

Her kjem litt forskjellig frå hovudet til ein framleis heimlaus sunnmøring.

Akkurat no sit eg i kjellaren til tante Kjersti. Ho har gitt meg tak over hovudet heilt fram til eg reiser til Mexico, altså 10 dagar framover! Det var så deilig å høyre det, eg blei så letta, for å spørre folk om pengar eller store tenester er kanskje det verste eg veit. Pappa sa ein gong, at "Sæbjørn har aldri spurt om å få noe, noen gang!". Han overdriv vel litt når han seier "aldri", men det er ikkje langt ifrå. Eg er oppdratt til å vere takknemleg for det eg har.

Teamet eg skal reise til Mexico saman med køyrte eit rekelotteri for nokre veker sidan, og eg måtte selle lodd. Eller litt anleis formulert: eg måtte spørre folk om pengar. Grøss. Berre tanken gir meg ei dårleg kjensle, og den stikk djupt i meg. Det endte med at eg kjøpte nokre lodd sjølv, skreiv dei på mamma og nokre kameratar, berre for å ha nokre namn i boka. Eg kan aldri bli selgar. Naturstridig.

Deilig å vere på nett, gitt. Sjølv om eg har budd både her og der i det siste, er det først no eg kan kople på laptopen min og surfe fritt. Kjellarstova her delar eg kun med Odin, hunden i huset, så dette blir greit framover.

Apropos nett og surfing: Opera 9 er ute, for de som har sett lyset. Ufrelste burde absolutt stikke innom her og gi denne geniale, norske, gratis nettlesaren ein sjangse. Spesiellt til deg som held fast på Inernet Explorer: vend om! Eg finn kun ei unskylding for å bruke IE - det følger med Windows. Dette kan eg skrive langt om, merkar eg, men det blir litt smalt.

Apropos smalt: kvar kveld i ti-elevetida tek eg til å nyse noko heilt enormt! Nasa må stadig snytast og det klør langt innover i kanalane. Er det fleire enn eg som har det slik? Regelmessige allergireaksjonar kvar kveld etter solnedgong? Eg trur i alle fall det er allergi. Det følest slik. Eg tek ein ekstra Cetrizin, men til ingen nytte. Snufs.


Apropos snufs: no tek Mexico-turen til å nærme seg. Berre ti dagar igjen! Vi hadde leiaravslutning i ungdomsarbeidet tidlegare i kveld, og eg kjenner på meg kor spanande det er å stå i eit slikt arbeid. Tenk, no skal eg ut i "felten", smake litt på misjon- og bistandsarbeid. Så kjem eg tilbake, 100% gira, og eit heilt år med utfordringar ligg framfor meg. Fantastisk! Eg veit jo ikkje kva framtida har for meg, eigentleg, men eg er veldig, veldig tent på neste år.

Ungdomspastor Colin utfordra oss i ungdomsarbeidet til å bruke sommaren på å bli betre kjent med Jesus. Det slo meg kor viktig det er, kor lyst eg har til nettopp det, og at eg eigentleg ikkje kjenner Jesus slik eg bør og vil. For snart eit halvt år sidan fekk eg eit skikkeleg kick etter Impuls sine "lederdager" i Stavanger, var overbevist i trua og meinte eg endeleg hadde fatta heile Jesus-greia. No går eg framleis å bygger på det eg lærte då, men er klar over at eg knapt ser toppen av isfjellet. Tenk, så utruleg flott: eit heilt isfjell! Så mykje å oppdage, så mykje å lære, så mange opplevingar eg har til gode.

Colin las litt frå C.S.Lewis' Narnia, ein samtale mellom den vesle jenta Lucy og løva Aslan:

Aslan," said Lucy, "you're bigger."
"That is because you are older, little one," answered he.
"Not because you are?"
"I am not. But every year you grow, you will find me bigger."

Bakvendtland. Det er kun Jesus som blir større med åra, - alt vi har og eig her på jorda blir mindre, mindre viktige, mindre interessante. Det er utruleg å tenke på, at Jesus er så enkel og rett fram, men samtidig uendeleg interessant! "A minute to learn, a lifetime to master", akkurat som Othello.

Apropos Othello: eg spelte trommer i Salem på sundag, og det var så deilig! Ja, å spele til lovsong er rett og slett deilig. Eg er med i eit komp i kyrkja mi og av og til, men då må eg vere så musestille, berre pirke så vidt på trommene, helst med vispar og liknande. Men på Salem har dei veggar av plexiglas forran trommesettet og høg, høg scenelyd, - eg kan denge fritt og spele med hjartet. Lovspele, som eg kallar det. Ah, det er maksimal påfyll! I Misjonskirken har vi mangla den biten i år, syns eg. Påfyll. Eg går dit for å gi og tene, - påfyll får eg på Salem. Ja, eg veit, det er ei skandale.

Men det vil endre seg til hausten, det veit eg. Eg brenn for dette, merkar eg: påfyll! Vi må ha eit tilbod til dei som gir og gir i kyrkja vår, til dei som ikkje ladar opp maksimalt i gudstenesta klokka eleve. Ein oase med lovsong, bøn, vitnesbyrd, fritt rom, dans, kunst. Neste år, altså, mark my words!

Apropos words: mamma og pappa er i det sørlege Afrika for tida. Skikkeleg eventyr, safari utan guide i fire veker! Dei har leigd ein firehjulsdreve bil dei kan sove i, og fartar rundt frå nasjonalpark til nasjonalpark. Eg får SMS med pappa kvar dag, - her er litt av det han har skreve så langt:

18. juni:"Vel framme i Kruger-parken. Har alt sett nesehorn. Bilen er veldig praktisk. Fint vær, - 14 grader."
19. juni:"Sett etter/på dyr i 10 timer i dag. Ble bl.a. jaget av en sint elefantmor. I seng kl. 21, opp kl. 05. God natt!"
20. juni:"To nesehorn og fem løver i dag. Biff til middag. 30 kr kiloet."

Etter to-tre dagar ser dei nesehorn og løver, samt blir jaga av sint elefantmor. Dei er litt sprø.

Apropos sprø ... nei, no må eg slutte. Eg er jo på nett, så det blir fleire innlegg veldig snart. Dorullen eg snyt nasa mi med er nesten halvert og eg er svett etter all nysinga. Det er seint, eg trur eg berre må legge meg, sove vekk heile spetakkelet. God natt.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Fantastisk atsjo gif.fil hehe :)

Sikker på at du vil få en helt sykt bra opplevelse i Mexico!! Og ikke gjør som jørgen og johan og feig ut hvis det er en geDIGEN rotte limt fast på limpinne som skriker :) :D

andio amigo!

Sæbjørn sa...

Chorro!

Stine sa...

e har faktisk akkurat lest det sitatet som du hadde fra narnia. det er så vilt mye kristent i den boka. HERLIG!