11 juni, 2006

På loffen

Neida, eg er ikkje død. Ikkje bloggen heller. Yours truly er på loffen, utan internett, utan heim, utan pengar, - eg har det heilt topp!

No er det ei stund sidan sist innlegg, og eg merkar presset. Vittig at når eg tek ny pers. i antal kommentarar (på "sæbjørn@work.com"), går det i masing etter nye innlegg. Mas er stas. Takk!

Det er vel på sin plass med ei oppsummering over dei siste to vekene. Highlights. Eg må berre klare å hugse så langt tilbake. Merkar at mykje forsvinn ut av hovudet like fort som det kom inn, ein konsekvens av kor kjekt eg har det for tida. Det er ikkje ei hending i veka lengre. "Tett mellom godbitene", som dei seier i reklama. Samtidig tenker eg framover, har planar, gler meg til neste punkt på programmet.

Det viktigste å nemne er vel utflytting frå hybel. Merk deg: kun ut, ikkje inn i noko nytt. Ikkje enno. Det er her overskrifta kjem inn. Onsdag 31. mai gjekk kontrakta ut i Kongsgård Allé 15, og sidan då har eg levd på ei av Guds store velsigningar i livet mitt: vener. Oj, no må eg lage eit avsnitt merkar eg, for det er ein fyr som fortener store mengder spalteplass. Vanlegvis nemner eg ikkje namn her i bloggen, men ...

Ole Andreas Høyberg. Eg har så mykje å takke denne mannen for! Ja, kva skulle eg gjort? Dagen eg flytta ut stillte han opp med fritida si, hjelpande hender og lånt stasjonsvogn med hengarfeste. I seks timar flytta vi høgtalarar, kasser, sekkar med klé, møblar osb. Når alt var båre inn i kjellaren til onkel, opnar han døra si, gir meg mat, tak over hovudet og sovesofa på ubestemt tid. Medan eg bur der går eg tom for pengar, men han lånar meg det eg treng. Alt med eit smil.

"Gjør tjeneste med et villig sinn; det er Herren og ikke mennesker dere tjener. Og dere vet at Herren skal gi hver enkelt igjen for det gode han gjør ..."
Ef 6, 7-8

Det seier Bibelen. Vel og bra, - håpar berre eg og får sjangsen til å gi igjen. I owe you one! Ja, minst "one" og ein del pengar.

Apropos: eg er så heldig å få lov til å flytte saman med dette mannebeinet til hausten, - eg, Ole og to til. Score! Vi fann til og med ei flott 5-roms leiligheit i forrige veke. Møblert, to bad, alt av kvite-/brunevarer, kjøkenutstyr, høg standard, strategisk plassert i eit roleg strøk sentralt på Lund. Alt dette til 12000 kr. i månaden, dvs. 3000 kr. per person, inkludert straum og internett! Hallo! I tillegg fekk vi utsette innflyttinga til to av oss kjem tilbake frå Mexico, altså august i staden for juli. Ja, det er nesten for perfekt.

På måndag var det på tide å omplassere seg, så eg ringte ungdomspastoren i kyrkja mi og spurte om eg kunne overnatte hjå han og familien den natta. Trur du ikkje dei spurte om eg ville bli ei veke! "Make yourself at home", seier han berre, og set kjøleskåpsdøra på gløtt, skrur på lyset i TV-stova, gir meg reservenøkkelen til huset og gjer klar middagen. Så her sit eg, - mett, utkvilt og velsigna oppetter øyrene.

Eg har sagt det før og eg seier det igjen: dette nye livet i trua på Jesus har ein fascinerande effekt på livet mitt. I den siste tida har eg til dømes slutta å bekymre meg. Eg hoppa ut i juni med bag og sovepose, blakk, og berre sjå kva som skjer. Ja, du har nettopp lest om det. Eg får gong på gong bevist at Gud forsørger meg. På måndag må eg flytte på meg igjen, men eg veit det kjem til å ordne seg. Når sant skal seiast har eg allerede fått tilbod om å bu hjå ein kamerat på Søm. Eg har ikkje særleg kontakt med denne karen, han dukka berre plutseleg opp på ein grillfest med tilbodet. "Skal vi si tre dager til å begynne med?".

Summa summarum: Matt 6, 25-34. Amen.

5 kommentarer:

Anonym sa...

IT'S BACK!

herlig innlegg, Sæbjørn! As usual..!

Godt å se at ting ordner seg, er det noe, gir du beskjed!

Anonym sa...

He is back, like never before! Det er godt det er noen levende vitnesbyrd der ute. Vi må bare alle få det inn i hue, at Gud er GOD!

patrick sa...

hærlig innlegg her!! Gud er jo god!! hærlig å virkelig leve i Guds velsignelser!!
keep it up!!

(ser det er kult å slenge inn engelske fraser)

Anonym sa...

amen

Anonym sa...

hei sæbjorn. prøver å nå deg på denne måten. kan du sende e-postadressa di til yngvevadstein@gmail.com

Slett dette innlegget når du har lest det.