30 april, 2006

Å vere bønnesvaret

Når eg held vitnesbyrd eller pratar til nokon om bønnesvar, slår den same tanken alltid ned i meg: er dette verkeleg frå Gud? Eg har jo ingen garranti om det, for det kunne jo skjedd tilfeldig. Eg tvilar, rett og slett. I dag har det allerede skjedd noko stilig. Tilfeldig? Kanskje. Eg kallar det bønnesvar!

Eg vaknar tidleg, og merkar at eg ligg delvis påkledd under dyna med linser på og ein ånde som vitnar om manglande tannpuss kvelden før. TV-en og lyset ved senga blei heller aldri skrudd av, og veltrente, lettkledde TVShop-damer helsar god morgon. Timinga er god, for eg har akkurat tid til frukost og dusjing før bussen går til gudstenesta klokka 11:00. Eg sjekkar mkirken.no for å vere sikker. "Generasjonsgudstjeneste". Eg har ansvaret for grilling under kirkekaffien, og skal spele til lovsongen. Dette blir bra.

Den einaste bussen eg kan ta, går 10:04. Når eg kjem fram er kyrkja heilt tom. Ingen bilar utanfor. Låst. Kanskje gudstenesta startar 12:00? Eg låser meg inn og tek til å leite etter trommestikker. Kan jo øve medan eg ventar. Etter fem-ti minutt kjem Kirsten, ho er ansvarleg for gudstenesta. "Hva gjør du her nå? Det begynner ikke før fire, vet du?". 16:00, faktisk. Over fem timar til! Eg fann ingen trommestikker.

Så idiotisk, eg ler av meg sjølv. Kirsten tilbyr seg å køyre meg heim, men eg nølar. Dette er jo min feil. "Ok, da!", det er sikkert ein time til neste buss. Ho må stoppe ved huset sitt for å hente førarkortet. Ho hentar lappen og set seg i bilen. Så nemnar ho, på veg til å vri om nøkkelen: "det er krise hjemme nå, laptopen til mannen min har klikka, og han må ha klart en presentasjon til jobben på tirsdag!". "Kan eg ikkje bli med inn å sjå på det, når eg først er her?", spør eg. Vi går inn.

Laptopen inneheld eit dokument som Jørg Inge skal presentere i USA om eit par veker. Han er avhengig av at laptopen fungerar, og treng dokumentet allerede til tirsdag. Problemet var overkommeleg, og er fiksa i løpet av nokre minutt. "For en halvtime siden tok jeg i PC-en og ba til Jesus om at ha måtte hjelpe meg!", sa Jørg Inge. For ein halvtime sidan. Jørg Inge ringer, Gud bringer.

Eg kunne ha forsove meg. Eg kunne ha sjekka tidspunktet på mkirken.no. Eg kunne hugsa at sist generasjonsgudsteneste begynnte klokka 16:00. Eg kunne funne trommestikker og blitt igjen i kyrkja. Eg kunne ha takka nei til skyssen. Ho kunne hatt med seg førarkortet til kyrkja. Ho kunne lat vere å seie det med laptopen. Eg kunne blitt sittande, sidan vi eigentleg var på veg heim.

Tilfeldig? Kanskje. Eg kallar det bønnesvar!

6 kommentarer:

Anonym sa...

Det er bare Gud som gjør slike ting!Han er bare sinnsykt rå! Er det ikke godt å kunne være noens bønnesvar!Jeg tror vi er det oftere enn vi er klar over selv. Sæbjørn, du er rå!! Ha en strålende 1.mai feiring og jeg regner med du er ute å går i tog!!HAHAHAHA!!

Sæbjørn sa...

Sjølvsagt, kom nettopp heim etter å ha båre fana til LO byen rundt.

Øyvind Ebbesvik sa...

Hei Sæbjørn! Lenge sidan sist! Interessant blogg du har fått her. Du er flink til å skrive, og det er tydeleg at det skjer mykje i livet ditt! Du kan jo sjekke min blogg også om du vil: http://ebbesvik.blogspot.com/

patrick sa...

utrolig stilig!! alltid kult å se hvordan Gud bruker oss med mennesker til forskjellige svar.
(tror nesten det er artigere å være et bønnesvar enn å få ett noen ganger)

keep it up!!

Anonym sa...

Nok en gang Sæbjørn - LEGENDARISK!

Stine sa...

hva skjer med oppdatering?