12 januar, 2007

The Big Easy

Førsteinntrykket av byen var ... interessant?

Kvar dag på turen startar med dusj, frukost, stille halvtime og samling klokka ti. Og det er først på desse samlingane vi får vite kva dagen vil bringe. I dag: gjer det du vil fram til klokka fem. Hmm, det er jo ei stund til.

Sjømannskyrkja ligg i gåavstand til sentrum, dvs. Canal- og Burbon Street. Etter å ha tusla ei stund saman med ein gjeng, tok eg og Stian av på eiga hand, utanfor dei mest turistifiserte områda. Eg er overaska over kor dødt det er overalt, slitt og rotete. Kanskje det eigentleg er sjarmerande, at det er eg som ikkje forstår, men eg har sett mykje av USA og New Orleans slår meg ikkje som veldig betagande. Det er heilt tydeleg at byen, ja, kanskje heile staten er fattig. Manglande vedlikehald pregar det meste, til og med i dei mest kommersielle områda. Synd, for arkitekturen er spesiell og burde setjast pris på.

I kvel skal vi halde konsert i Buton Rouge, og besøke eit vekkelsesmøte/Revival Meeting. Det blir forhåpentlegvis heilt crazy, begge deler. Vi har vanlegvis alt på stell når vi skal spele, PC og metronom bak trommesettet, monitorar over alt og lydprøver god tid i forvegen. No må vi rett på scena med få minutts forvarsel, spele på instrument vi aldri har prøvd før, utan korkje metronomar eller lydprøver. Litt stuntaktig. De skal få referat.

Eg og fem andre gutar frå klassa har fått tildelt "biblioteket" i sjømannskyrkja, noko vi trudde skulle bli hardt og skandaløst, men som viste seg å vere rein luksus. Gode madrasser med både dyne og pute til, PC i eitt hjørne og TV i eitt anna. Vi søv godt, med andre ord, og kan underhalde oss sjølve når det er behov for det. Slik som no. Dei andre et ein slags lunsj, men eg går fort lei av svampaktig, amerikansk luftloff. Dei skulle handle inn litt cereals og frukt til imorgon, så det blir bra.

Noko anna som er bra, er den stille halvtimen i starten av dagen. Då tek eg fram den nye NT-bibelen min eg fekk av Rebekka til jul og slenger beina på bassengkanten. Det er heilt topp. Forstår ikkje kvifor eg ikkje gjer det heime. Bibelen - ein god start på dagen. Dagens tankevekkar: Matt 7:1-5.

Hmf, eg taklar ikkje å skrive med tidspress. Det dannar seg kø på PC-en her, så eg må vel runde av.

3 kommentarer:

Rebekka sa...

Lurte på når neste blogg ville komme!! Gøy å lese... Fantastisk med basseng... !! Jeg elsker klor-lukt!
Høres ut som om dere koser dere, og at det finnes utfordringer ;0)

Andrejazz sa...

Tror vi trenger mer svampaktig luftloff i Norge...
Ta gjerne med en ladning når dere returnerer.

Sæbjørn sa...

Klor er vel og bra, men ikkje når dei lagar isbitane i brusa di av klorvatn. Andreas: eg trur DU er ein svampaktig luftloff. Den blir her, og takk for det.