12 januar, 2007

Homeland Security

Då var det tilsynelatande lille nålauget passert, og vi er trygt på plass i Norwegian Seamens Church, sentralt i New Orleans. Mykje har skjedd sidan 9/11, ja, berre sidan sist eg var i USA.

Det er 5 år sidan sist gong eg var i USA, dvs. eitt år etter 11. september, men mykje har skjedd sidan den gong. Kva skjer med fingeravtrykk, avbilding og skeptiske spørsmål? Vi måtte til og med re-checke bagasjen i nokre voldsome røntgenapparat når vi kom inn i landet, som om utanlandsk rutine ikkje var godt nok. Uansett, det er eit pes.

No er det 23 timar sidan eg sto opp, derav 13 av dei tilbrakt på fly. Men vi er framme og alle er begeistra over både temperatur, soveforhold, bassenget i hagen og det trådlaust internett. Stort meir kan eg ikkje skrive per no, då vi knapt har vore her ein time, men det blir meir (reise)blogg då eg og Stian praktisk tala ligg i dobbeltseng (og han har laptop).

Ingen kommentarer: