20 januar, 2007

Dynamic Part Two

Det har gått ein dag og kommentarane "strøymer" på. Vel, i alle fall nok til å diskutere vidare.

Eg trur kanskje eg bør skrive ein disclaimer, eller kva det no heiter på norsk. Det er viktig at du ikkje tek meg som ein som trur han har svara. Det er mange spørjeteikn i innlegga mine, og det er nettopp fordi eg undrar og spør. Dersom eg kan få tankar ut av hovudet og samtidig få andre til å tenke, er eg meir enn nøgd. Sånn, det var godt å få sagt. Over til saka.

Det blei nemnt at vi er forskjellige og passar difor ikkje alle inn i same kyrkjesamfunn. I Noreg ser vi ein variasjon i uttrykket frå kyrkje til kyrkje, der sjølv ikkje det mest karismatiske eg har opplevd heime er i nærleiken av galskapen her i unaiten. Eg reagerar på denne variasjonen, som sagt, sidan vi alle har det same å glede oss over. Kvifor er nokon "gladare" enn andre, og kvifor slepp vi ikkje ut den gleda vi har i hjartet, slik som her?

Eg klarte av ein eller annan grunn å utelate eit viktig argument i forrige innlegg: Når eg har skreve at vi har besøkt kyrkjer, kan det kanskje virke som om vi kun går i Gods Gospelchurch of Crazyness in The Holy Ghost. Dette er ikkje tilfelle. Vi har besøkt pinsevener, tradisjonelle baptistar, Full Gospel-baptistar og til og med katolikkar. And guess what: uttrykket er heilt likt over alt! Dei er verkeleg like over-the-top entusiastiske kor enn vi går. Talene er like intense, dansinga, hoppinga og ropinga er den same, musikken sparkar like hardt. Over alt. Dei er nok ueinige i store teologiske spørsmål her og, men dei er alle kristne, dei har alle evig liv, dei blir alle velsigna. Dei er frelst, ergo: party!

Sjølvsagt handlar dette mykje om kultur, ikkje minst forskjelen på svart og kvit. Men samtidig har vi desse snåle variasjonane heime. For å sette det på spissen: du kan velge kyrkje alt etter kor mykje glede du er ute etter å vise. Dersom du går i statskyrkja, i alle fall slik eg kjenner den, og tek til å rope "amen!" og strekke hendene i véret, er du på feil stad. Ro deg ned, liksom. Dårleg val. Gå heller ned på Fila', - der får du lov.

Er det eg som er sær? Det kan diskuterast i det uendelege kva kyrkjer skal akseptere og ikkje: homofili, sambuarskap og alt det der. Men at det fins normer for glede i Kristus, det blir for mykje for meg.

Så står eg her da, i ei svart kyrkje. Det kokar i forsamlinga. Tordenet frå podiet vrenger ut av høgtalarane. Trommisen knekk stikker. Eg er lunken, framleis under norsk lov. Frelse: Slepp eg meg ikkje laus fordi eg ikkje har fatta det enno, eller fattar eg det ikkje fordi eg ikkje slepp meg laus?

Som ikkje-kristen blei mitt møte med frelsen som ein introduksjon til eit konsept. Det tok eitt og eit halvt år før eg forsto konsekvensane av frelse, og effekten det har. Eitt og eit halvt år. Eg høyrte om frelse, eg fekk høyre at eg var frelst, men det blei med det. Det viste jo ikkje på folk. Den gleda eg klarte å sjå hjå kristne vener, var gleda over mange oppmøtte på ungdomsklubben, over brownies og trygt og godt sosialt samver. Eg óg gledde meg over dette. Pynt. Kva såg ungdommane i meg?

Det eg ser her, er så totalt motsett. Folk kjem på møtet, stiller seg opp, ser rett fram og fokuserar på Jesus. Det er Han det handlar om, kva Han gjorde, kva Han gjer i dag. Alt det andre kan vente. Pastor må stadig ta pauser fordi han kom i skade for å nemne "salvation" eller "the cross", så applaus og begeistra tilrop må få lagt seg først.

Tenk om ungdommane og mine ikkje-kristne vener kunne sett ei slik glede i meg. Tenk om det viste. Tenk om eg var som desse fattige, svarte, som sprudlar over av begeistring for Jesus. Eg føler meg lunken.

Åp 3:14: Jeg vet om dine gjerninger – du er verken kald eller varm. Om du bare var kald eller varm! Men du er lunken, ikke varm og ikke kald. Derfor skal jeg spytte deg ut av min munn.


Greit nok, eg veit ikkje om nokon der oppe i himmelen bryr seg stort om eg kviskrar eller ropar, sit stille eller dansar, men ein ting er sikkert: eg har meir på innsida enn det som kjem ut, og Han fortener alt!

10 kommentarer:

Merete sa...

Ord blir fattige itte et slikt innlegg.
Eg føle heilt ærlig mye merr for å hoppa opp og ner og skrika Amen!

Det e så grunnleggende, og likevel så utrolig utfordrende ting du skrive, Sæbjørn! Og eg kjenne eg kicke skikkelig på det!! Dette må me snakka merr om!

Sigleiv sa...

Hmm... Hva kan jeg si. Du har mye rett her broder. Hadde vært kjekt å tatt en lengre prat med deg. Tror vi her mye å prate om. Vi må og ta å gå ut på tokt snart, plyndre helvete for sjeler. Er du med???

Sæbjørn sa...

Du fekk blod på tann etter vi kom inn på tema på sundag? Det er godt! Vi må mønstre troppene. Ja, eg er med, og er som sagt ikkje åleine om det. Kanskje vi skal prøve å finne ein kveld etter Impuls? Møtest, prate og diskutere, finne noko vi er einige om, be over det, bli fyllt, og gå ut! Gjerningane ligg jo der, - vi må berre gå.

Sigleiv sa...

Da har vi en date. Kan vi ikke gå på en pub å ta en prat. Snakkis

Sæbjørn sa...

Til Helvetes Forgård? Klart vi kan. Vi kan tom. investere i syndens drikk når vi først er der.

Sigleiv sa...

Ja, vi kan sitte å ha høytlesing for hverandre. Jeg foreslår "reisen gjennom Helvete" av Dante...

Latee sa...

Hei! Kjenner deg ikke, men kom tilfeldigvis over bloggen din og tenkte jeg skulle legge igjen et spor.. Veldig interessant og godt å lese! Lateesha

Rebekka sa...

Ingen over, ingen ved siden av!!!
Du er fantastisk!!!

Jeg blogge-tikker deg herved!
Gå til min blogg for mer info!
Du "har'n!"

Andrejazz sa...

På tide med flere slike innlegg, Sæbjørn.
jepp, blogg er inn igjen.

Andrejazz sa...

Pretty please..?