18 januar, 2007

Dynamic

Lik "talen" til presten her om dagen trur eg dette blir eit dynamisk innlegg. Ingen plan. Se hva som skjer!

Vi har gira litt ned her borte, føler eg. Véret er kaldare, shortsen er lagt tilbake i kufferten og bassenget blir kun brukt til å kaste kvarandre i. Dagane går mykje i det same: frukost, kanskje ein spelejobb, shopping og ny spelejobb på kvelden. Vi går mykje og ventar på neste event, kva det no enn er.

Det er stor variasjon i gigane, dog. Alt frå higschools til store kyrkjer med hundrevis av folk til små kyrkjer med plass til ein handfull. I går kveld øvde vi med Arc Singers, eit kor vi har jamn kontakt med. Dei er i ein heilt annan liga enn oss, men det er gøy å oppleve ekte, grom gospel på nært hald. Vi skal synge saman på ei gudsteneste på søndag.

...

Edit draft
Hoho, dette ser ikkje de som les, men etter at eg skreiv "søndag." lagra eg innlegget som ein kladd og for på møte i Beacon Light Baptist Church, og gjett om eg må skrive litt om det!

Under overskrifta White Men Can't Jump klaga eg over korleis vi nordmenn held inne gleda, korleis vi ikkje gir Gud ros og begeistring i den grad han fortener. Eg har tenkt mykje på dette dei siste dagane, for her ser eg dagleg korleis det kan- og etter mi meining bør vere.

2Mos 15:20-21: "Så tok profetinnen Mirjam, søster til Aron, en tromme i hånden, og alle kvinnene fulgte etter henne, slo på tromme og danset. Mirjam sang fore: «Lovsyng Herren, for han er høy og herlig ..."

2Sam 6:5: "David og hele Israel danset av all kraft for Herrens ansikt, og de sang til toner fra lyrer og harper, trommer og cymbler og trompeter."

Dette står i GT, mann, - det er ei stund sidan. Når såg du sist ein kristen danse av all kraft? Har vi mindre å glede oss over enn dei? Det var kanskje hakket meir konkret for dei å sjå Rødehavet sluke ein hær, enn det er til dagleg for nokre av oss, men Gud har fridd oss i like stor grad eller meir, - dei var under lova, stakkars.

Når såg eg sist ein kristen danse av all kraft? Det er ikkje lenge sidan. Men det var her, - i skitne, fattige New Orleans.

På møtet no nettopp, blei det tala om "Hindering Spirits". Kva er eit hinder, korleis identifisere det, deale med det, sleppe det og kome seg vidare. Bodskapen var klar: search and destroy. Generellt veldig bra, matnyttig og inspirerande. Spesiellt ein del av talen traff ekstra godt: Han tok for seg konkrete eksempel frå sitt eige liv, og eitt av dei lydde omtrent slik:

"... and if I'm in a place of worship and I feel I can't express my inner feelings, if there's no dancing and shouting, it becomes a hindering factor for me, and that just ain't right!"

Salen reiste seg i eit stort, felles amen!

Men er dette med dans, jubel og glede noko for alle? Mamma og pappa seier det er bra dei forskjellige kyrkjesamfunna uttrykker seg på forskjellige måtar, - for vi er jo så forskjellige. Nokre stadar sit dei benkeradene og resiterar ferdigskrevne bøner, nokre stadar ber dei høgt og fritt, andre stader ber dei i tunger. Nokre stadar syng dei hymner etter kyrkjeorgel, nokre stadar med kassegitar, andre stadar med full vreng. Nokre stadar sit dei, nokre stadar er det lov å stå, andre stadar dansar dei av full kraft.

Alt dette er vel og bra, men for meg er det noko som skurrar. Er vi eigentleg forskjellige? Eg meiner, vi er vel alle frelst frå både lova og døden? Så forskjellig som vi oppførar oss, skulle ein nesten tru at vi ikkje trur på det same.

Desse forskjellige kyrkjesamfunna - dei forkynner det same bodskapet, sant? Dersom svaret er ja, må det nesten bety at veldig, veldig mange sit inne med store mengder undertrykt glede, - dei går i kyrkjesamfunn som ikkje opnar for å uttrykke gleden over bodskapet det sjølv forkynner.

Ta f.eks. statskyrkja, slik eg kjenner den. Ganske moderat entusiasme, for å seie det slik. Om så ein einaste medlem i ein slik kyrkjelyd kjenner på gleden over Jesu frelse, men ikkje får rom til å uttrykke seg ... trist. Han eller ho er på feil stad.

Det er då det slår meg at eg er ein av desse. Eg står i hengemyra. Det er eit hinder, og eg ser no kva eg går glipp av. Er eg på feil stad? Kva kan eg gjere?




Kva skjer når heimelaget scorar? Alle går av skaftet, jublar, hoppar, dansar og brølar. Alle.
Kva skjer når nokre av desse supportarane går i kyrkja dagen etterpå? Du veit svaret.

Er ikkje den daglege velsigning frå Gud hakket større enn 1 - 0? Er ikkje frelse frå synd og evig liv hakket større enn cupfinalen? Vi er kanskje forskjellige, men vi heiar alle på det same laget og har like stor grunn til å feire.

3 kommentarer:

Andrejazz sa...

På en måte er jeg enig med dine foreldre. Jeg tror folk er forskjellige og at vi dermed også uttrykker glede på litt ulike måter. Men jeg er også enig med deg. Jeg tror ikke forskjellene mellom oss er store nok til at noen skal kunne uttrykke glede i "sørgelig stillhet"...
hm... hva kommer det av..?

du har gode tanker, mann... keep'em comin'.

Rebekka sa...

Dette setter virkelig i sving tankene mine også...
Hmm....
Gleder meg til å snakke mer med deg om dette...

NinaPina sa...

Jeg er enig med deg Sæbjørn. Det er jeg virkelig.. Men, jeg tror også at det betyr lite for Jesus hvorvidt vi hvisker eller roper "Takk!", bare så lenge vi gjør det, og mener det.. Samtidig, så tror jeg at Han ville blitt glad på nordmenns vegne om vi klarte å slippe oss fri! For vår egen skyld.
For å si det sånn da, så er ikke jeg redd for å prise Jesus. Jeg er bare redd for hva folk skal tenke om meg når jeg gjør det, noe som i lengden blir slitsomt.. Og derfor er jeg enig med deg, for jeg vil jo gjerne at noe inni meg skal løsne når det gjelder å gi meg selv helt bort til Ham, og glede meg over det!
Men som sagt, så er det jo sånn at jeg mener "Takk!", uansett om jeg roper eller hvisker, så ja..
Jeg vet ikke om dette gav noen mening, og kanskje er dette noe jeg heller skulle skrevet i min egen blogg i stedet for som en kommentar til deg. Men, slik ble det, og nå har du litt å kose deg med. Gratulerer!

Ps: Setter pris på at du passer på Stian for meg.