15 januar, 2007

White Men Can't Jump

Galskapen lenge leve! I wan't somma'that! I wan't some galskap in my life!

Først: Ja, eg er klar over at overskriftene mine har vore i overkant amerikaniserte og klisjé i det siste. Det har berre blitt sånn. Dei er i det minste relatert til innhaldet.

Korleis vere radikal i New Orleans:
- Ver kvit
- Ha ein BMI på under 30
- Arranger eit kyrkjemøte som varar under tre timar
- Ha hjulkapslar og/eller standardfelgar på bilen din
- Rydd i gatene
- Gå i ei t-skjorte som passar

Vi har dei siste par dagane besøkt nokre svarte kyrkjer, og då meinar eg svarte!

Pupulært sitat:
"Kva skjer med at dette ikkje er ein film?!"

De som kjenner meg kan sikkert høyre meg seie dette. Og det er verkeleg som plukka ut frå ein film, berre villare. I positiv forstand. Dei svarte kristne strålar ein slik glede og kjærleik mellom kvarandre, at halvparten hadde vore nok for å utgjere den absolutte motpol til oss nordmenn. Det er verkeleg dans, hopping, roping, skriking og grining på kvart einaste møte. And i luv it!

I dag opplevde vi til dømes noko dei kallar "dynamic preaching" frå ein "dynamic preacher".

Wiktionary.org:
Dynamic - Able to change and to adapt.

Eg trur ikkje han hadde nokon plan på korleis han skulle begynne. Han hadde i alle fall ingen plan på korleis det skulle gå. Men Den Heilage Ande fekk inspirere han fritt, og når han først kom i gang tok det heilt, heilt av. Noko meir intenst skal du leite lenge etter. Sjå for deg ei kurve som stig frå botn til topp i ein 45 graders vinkel, for så å bli på topp i ein rett, horisontal strek, langt og lengre bortover. Der har du intensitetskurva. På grensa til slitsomt.

No kjem overskrifta inn. Eg har aldri følt meg så kvit som eg gjorde det første møtet i den bittelille kyrkja. Det var fullt, ca. 80 personar. Oss, dei kvite, på ei side av midtgangen, dei svarte på den andre. Det er kontrast, skal eg love deg, både visuellt sett, når det gjeld lydnivå, respons, moves og generell galskap. Eg tenkte på det som crazy då, med ein gong, men så går det opp for meg at alt er ekte, rett frå levra, - dei viser genuin glede for at dei er frelst!

Scenario: Du får møte Jesus, din beste ven, som har redda livet ditt i alle fall ein gong, som dagleg sørgar for at du har det du treng og meir til, og som elskar deg meir enn noko anna. Du er klar over kven han er og alt dette. Kva gjer du?

1. Sit eller står med augene igjen og kviskrar "Takk, Jesus!"
2. Klikkar totalt, tek til å hoppe og juble av glede medan du ropar igjen og igjen, så høgt du kan: "Halleluja! Pris Herren!"

Dersom du går for svaralternativ 1 er det gode odds for at du er norsk. Eg går definitivt for 1. Kvifor er det slik? Må det vere slik? Har eg ikkje forstått kva Jesus har gjort og framleis gjer for meg?

Så kjipt det må vere å elske nokon over alt, så høgt at du døyr for den personen, og den synlege reaksjonen du får tilbake er litt lav mumling og kanskje ei utstrekt hand. Stakkars Jesus.

Kultur, jada, jada, det må takast inn i samanhengen. Heime hadde vi kanskje flira av eit ekte gledesutbrot og det som høyrer med. Men det interessante er at det gjer dei her og. Ja, dei flirar og ler av kvarandre når gleden tek overhand. Komisk er det jo, det kan ingen stikke under ein stol. Men høyr kva dei seier då:

"I don't know about you, but I'm havin' a time of joy in fellowship with Jesus right now! I don't know about you, but I'm gonna show it! You might stare at me, laught at me, but I don't care, - I just can't hide it! I'm too happy about aaaaall that he's done for me!"

Fri meg! Nokon hjelp meg ut av denne norske hengemyra! Eg er ikkje særleg nyansert i saka mi her no, det veit eg, men prøv å bær over med meg. Eg er overvelda og kjenner på eit behov: Om eg berre kunne ta med meg litt av fridomen, frimodet og entusiasmen heim. Om eg berre hadde tort å la meg påverke. Men eg veit så alt for godt at alternativ 1 er "det einaste" alternativet når eg står der, tilbake i kulda. Hengemyra. Om eg berre kunne drite litt hardare i kva folk syns ...

Dette blei eg ikkje heilt ferdig med, merkar eg, men det blir eg nok heller aldri. Slikt tek tid, spesiellt fordi det er fleire enn eg som må tore å sleppe seg lause. Men eg skal love deg, dersom du er kristen, går på møter, og plutseleg tør ein dag: du vil oppleve det så fantastisk befriande og naturleg. Ja, naturleg. Kva er vel meir naturleg enn å danse for Jesus?

6 kommentarer:

Andrejazz sa...

Sitter her på forelesning om hinduismen og har akkurat sniklest gjennom innlegget ditt.
Jeg får helt frysninger av å lese det du skrev, mann... tenk om vi kunne la oss frigjøre fra vår kulturs emosjonelle "slaveri"...
ikke godta at vi "bare er sånn"...norske og følelsesløse.

Sug til deg alt du kan, Sæbjørn.
Ta med deg så mye som mulig hjem. Hvis du har noe til overs, har nok jeg litt til "unders"...

Anonym sa...

Åååhh... Dette minner meg om Chicagoturen med Staffeldsgate. Jeg hadde ikke lyst til å reise hjem. Elsket den atmosfæren i menighetene og den varmen og kjærligheten de viste for Jesus og hverandre. Er helt enig, Sæbjørn! Håper vi klarer å bryte ut av "The Norwegian Stiffness syndrom", og at vi kan virkelig tørre å uttrykke det vi føler. Både for Jesus og for våre medmennesker. Lykke til videre på turen og nyt det!

Rebekka sa...

Jeg slenger meg på bølgen... Helt enig! Dette minner meg igjen på uken i Imi som akkurat er over. Det begynte med en trøtt og stiv forsamling med norske 40´åringer + og endte opp med en herlig og fri gjeng mennesker. Ei dame på godt voksen alder som danset til Guds ære i lovsang. Nydelig!
Jeg håper vi er mange som kan begynne å "bryte ut" litt mer...

Savner deg!

Sæbjørn sa...

Amen! Det er godt å sjå at det er fleire av oss. Trur mange tenker slik, eigentleg, men møter veggen med ein gong dei kjem heim. Etter nokre møter blir ein "normal" igjen ... For mange folk, for stort. Nokon med på å starte huskyrkje? I believe!

Merete sa...

AAAAAAAMEEEEEEEEEEN!!!!
Så utrolig inspirerende å lesa det du skrive, Sæbjørn! Og så sant!!
Eg e ein av di som ofta kjenne meg begrensa av norsk kultur, og eg e me på å gjør litt for å bryta ut, altså!!!

Gå for Jesus istedenfor kultur!! Og omfavne det engasjementet han skape uavhengig av ka land me e ifra!!

Dette må me snakka merr om!!

Tybakken sa...

GO FOR IT!
Noen må jo starte:)
Herlig å lese. Ta vare på alt du får oppleve Sæbjørn - selv om vi har en annerledes kultur vil det ikke si at den er riktig....
Stor klem fra regntunge Arna
Cathrine :)