24 mai, 2006

sæbjørn@work.com

No er klokka 07:42 om morgonen. Nei, eg har ikkje nettopp stått opp, - eg er på jobb, 20 timar i strekk no. Lunden Spiseri i Kvinesdal har kjøpt seg inn i det store MovieStation-eventyret, og dr. Sæbjørn rykkar ut. Lunden Spiseri, meg, nokre hundre DVD-ar og ubegrensa brus og is. Snål jobb.


Ved sida mi står eit digert monster av ei maskin og flyttar på DVD-ar heilt av seg sjølv. Eg har satt i gang ein test som kontrollerar at alle instillingane mine stemmer. Når ein slik test stoppar, er poenget å lære av feilmeldinga som dukkar opp. Rette feilen, ny test, stopp, rette feilen, ny test, stopp, osb.




Det har blitt nokre testar i natt, gitt. Dette kjem i tillegg til å legge opp aDSL, konfigurere router, brannmur, programvare, pluss pluss. Det er greie oppgåver, ting eg kan, rutine. Ting som tek tid. Eg kom hit med 11:50-toget til Stavanger i går, og har holdt på sidan då.

Lokalet er eit gatekjøken. Gratis fast food, is og brus. Kjøkenet var logisk nok ikkje ope i natt, så eg har levd på is dei siste 10 timane. Sandwich! Synd dei ikkje mettar lik vanlege smørbrød. Ørten frysarar og kjøleskåp syng i kor, og gjer det vanskeleg å høyre dialogen på filmane eg ser. Laptopen har slike kjipe, små høgtalarar. Løysinga var å krype saman på do og lukke døra. Lekkert. Eg har sett fire filmar til no.


Uff, dette blei kjedeleg lesestoff. Tilgi meg. Eg håpar å kunne reise heim i kveld, det er difor eg sit oppe og jobbar natta lang. Likar ikkje å vere vekke frå Kristiansand, merkar eg. Føler meg heime der no. Klart, det vert aldri som heime, men livet sørpå blir berre betre og betre. Takk, Gud!

Apropos det, la meg summere litt kjapt:
- Har eg nære vener eg kan prate med og stole på? Ja.
- Går eg i fantastiske miljø? Ja.
- Har eg ein jobb eg trivast med? Ja.
- Har eg ro for neste år og gledar meg som ein unge? Ja.
- Skal eg på team til Mexico i sommar? Ja.
- Er eg optimistisk og i godt humør? Ja.
- Svømmer kontaktlista mi i nye bekjentskap? Ja.
- Er eg på rett kurs i livet? Ja.
- Kunne eg svart "ja" på nokon av desse spørsmåla utan Jesus? Nei.

Eg er kanskje stuck på eit gatekjøken i Kvinesdal, men eg har det pretty damn bra likevel!

17 mai, 2006

Tankar frå framsetet

Eg har nettopp vore i tomannscellegruppe i ein Mercedes utanfor huset mitt. Klokka er ca. 03:30 og når eg ein gong står opp seinare i dag er det 17. mai, korps og skandale, men no eg berre blogge, og det litt kjapt!

Eg merkar at dei innlegga eg har skreve her, der eg verkeleg har noko viktig å seie, les eg om og om igjen. Innlegget om å "gi Djevelen fingeren" har eg lest sikkert 10-15 gongar. Eg veit jo kva som står der, men det er godt å minne meg sjølv på erfaringar og tankar eg har gjort meg. No har eg nettopp tenkt ein del, fått mykje bra input, og det må ned på "papiret" så eg kan lese det til meg sjølv. Igjen og igjen. Dette blir ganske ufiltrert hjernetømming, så hald deg fast ...

The Matrix
Teori: vi som trur på Gud, den allmektige, trur på eit alternativt sett med logikk.

"For ingen ting er umulig for Gud."
Luk 1, 37

Ingen ting? Wow, det sprenger jo den logikken vi sansar og opplever i det daglege! Sprøtt. Ja, ikkje-kristne må tru vi er heilt på bærtur. Vi trur at alt går ann, rett og slett. Er det rart dei har problem med å forstå "greia"?

Er det ikkje dette konseptet "å tru" dreiar seg om? Å kunne gi slipp på vårt jordlege, menneskelege, kvardagslege sett med logikk og omfavne Guds allmakt? Korleis skal vi kunne be viss vi framleis held fast på lover frå fysikken, matematikken, historiske fakta og erfaringar? Det blir eit paradoks.

Neo, han i filmen, blei konfrontert med eit nytt sett logikk. Morpheus er frelst, han vil sette Neo fri, lære han sanninga, misjonere. Neo himlar med augene, ristar på hovudet, - det strir jo mot all logikk! Neo måtte sjå for å tru.


Eg likar den scena der han skal hoppe frå ein skyskrapar til ein annan. Eit logisk sett umogleg hopp. Ved første forsøk tvilar han og dett rett i asfalten. Men ettersom han tek til å tru, bryt Neo stadig fleire grenser. Han gir meir og meir slipp på logikken han er van til, - og alt blir mogleg. "How did he do that?!", Morpheus smiler, - "He is beginning to believe!".

"Og alt dere ber om i bønnene deres, skal dere få, når dere ber med tro."
Matt 21, 22


"Derfor sier jeg dere: Alt det dere ber om i bønnene deres – tro at dere har fått det, og dere skal få det."
Mark 11, 24

Basic? Kanskje. Dette hjelper i all fall meg til å forstå ufrelste betre. Korleis dei ser på oss. Vi er jo crazy. Eg har lenge lurt på korleis eg skal prate til ein ikkje-kristen om kva det er å tru på Jesus og all galskapen, korleis eg kan forklare det. Eg trur eg vil begynne med: "har du sett The Matrix?".


Å fortrenge
"Sett at alle erfaringane dine, gode og dårlege, er eit ark. Kvart minne er eit stykke papir. Du kan opne permen din, finne ein passande kategori, sette inn arket der det skal stå og lukke permen. Men du kan og velge å sleppe arket ned på golvet, la det blande seg med andre ark, prøve å skubbe det inn under liknande papir. Det er det enklaste.
Etter kvart blir golvet fullt av slike ark, små haugar du ikkje har oversikt over. Av og til plukkar du opp eitt av dei, utan at du eigentleg vil, mest sansynleg eit dårleg minne du helst vil gløyme. Du berre grip eit tilfeldig papir, eitt du ikkje orka å sette i permen for ei stund sidan, ja, kanskje for lenge sidan."

Eg synest det er eit godt bilete på kor viktig det er å behandle erfaringar varsamt, sette dei i permen, ikkje fortrenge det som er vondt. Det kjem berre tilbake i utide, uventa. Værre.


Konsekvensen av å synde
Eg har i det siste merka kor godt det er "å gå med Gud", som det heiter så fint. Det har både fysisk og psykisk effekt på meg. Eg blir generellt i godt humør, tenker positive tankar, er optimistisk, bekymrar meg ikkje, tek initiativ og får ting gjort, - eg likar meg sjølv! Det er så deilig! Som regel er dette på topp etter felleskap med andre kristne, og eg held det ved like med bøn. Tek med Jesus gjennom dagen.

Konsekvensen av å synde er at alt dette fantastiske kjem på avstand. "You don't know what you've got, until it's gone." Det var slik eg la konkret merke til det. Når eg syndar, og veit om det, merkar eg korleis eg skyv Jesus på avstand. Ein rein invitasjon til Djevelen. Humøret går rett ned, eg angrar, bekymrar meg, blir slapp, gir opp, - misslikar meg sjølv igjen.

Eg har ofte tenkt-, og høyrt fleire dra klassikaren: "litt synd gjer vel ikkje noko, vi kan jo berre be om tilgjeving". Så greit å vere kristen, liksom. I denne samanhengen har eg forstått greia med "å vere fri". Vi kristne syng og pratar stadig vekk om det. Men fri, sa du? Det er jo og ein klassikar, at kristne bind seg til ein haug av reglar dei må følge, stakkars.


"Jesus svarte: Sannelig, sannelig, jeg sier dere: Den som gjør synd, er slave under synden."
Joh 8, 34

That's right, J-Man! Når du syndar blir du slave av synda. Humøret, samvitet, bekymringane, heile sulamitten. Fri, derimot! Eg har kjent på kroppen dei endringane som skjer, konsekvensane det har, og Gud veit: i det siste har eg hatt det veldig, veldig bra! It's elementary, dear Watson!

Elementært, ja, men sjølvsagt ikkje enkelt. Bli lik Jesus, - yeah, right. Ein ting eg prøvar å endre på i desse dagar, er løgn. Spesiellt "coverups". Når eg tek meg sjølv i å lage ei falsk forklaring på kvifor eg kjem for seint, f.eks., samlar eg heller litt mot til å tåle pepper. Det er da noko? Ein stad må ein begynne.

...

Hjelp, no er det snart morgon. Du ser ikkje meg i barnetoget, for å seie det slik. Men dette var godt. Det eg ikkje skreiv ned no, kjem vel fram seinare. Så god natt/morgon, kjære deg, og gratulerer med dagen! Gud velsigne konge og fedreland, og det der.

15 mai, 2006

Webside: Svenska dansband


Eg ler framleis, faktisk, åleine her på rommet. Høgt. Det er ikkje stort å seie om denne sida, du må oppleve den sjølv. Eller som Bjørn ville sagt: "Eg ser du dør av latter, men eg kan issje dø av latter for deg. Du må le i hjel sjøl, men eg vil le-e med deg. Eg vil le-e med deg.".

Ladies and gentlemen, I give you: SvenskaDansband.se

Nokre tips til legendariske bilete/band er dette, dette og dette her (legg merke til Mark Knopfler-lookaliken). At det går an!

12 mai, 2006

Pause?

Nei, på ingen måte. Eg har ikkje lagt inn noko på ei stund no, men det er ingen mystisk grunn til det. Fint vér ute, godt humør, jobbing og liknande fører tydeligvis til lite blogging. Det som er kjekt, for min del, er at de faktisk masar på meg! Her er ein liten update sidan sist:

Mopeden fungerar igjen, noko som fører til bruk av hjelm. Alle som har tatt på seg ein motorsykkelhjelm veit at sveisen er fin inn, stygg/crazy ut. I tillegg er krøllane vekke, som sagt, og håret mitt blei berre kjipare og kjipare. Så på måndag tok eg ein ...



... ogsåberre ...




... oj! Vips, kort hår. Dvs. det er kort framme, langt og grusomt bak. Men ikkje le når du ser meg, eg sparar til hockey. Det er meininga! Langsiktig prosjekt.

Moped, ja, det er ein fin ting. Eg har mekka litt på den i det siste, skifta kjedestrammar og tennplugg, så no går den som aldri før. I går, etter Mission Impossible 3, var eg så dum å låne den vekk. Igjen. Sist sleit kjedestrammaren, denne gongen rauk frontlykta. Veit ikkje heilt kvifor, men eg må uansett fikse det før eg brukar mopeden igjen. Køyring utan frontlykt = bot og pryl frå polisen.

Apropos Mission Impossible 3: den beste actionfilmen på veldig lenge. Steis, den hadde alt, og akkurat passe med smooch og kliss på slutten. Veldig bra lyd i Fønix 1, må eg seie. Kom på ei reportasje frå nyhende på NRK Sørlandet, der dei intervjua han som installerte lydanannlegget den gongen dei fornya salen for ca. eitt år sidan. Dette er den same mannen som har installert surround i alle dei store norske kinosalane, og han sa, rett ut, at Fønix 1 no har den beste lyden i Noreg. Svært.

Eg har blitt medlem i Randesund Misjonsmenighet sidan sist. I går, faktisk. Det er godt å høyre heime der ute sånn for alvor, på papiret, og vise at eg er einig i det dei står for.

I dag er det fotball på programmet, om knappe 40 minutt, så torsken eg steikar på bør bli ferdig. I dag har eg jobba litt, sett dei to siste Lost-episodene og gått rundt utan linser med vilje. I går hadde eg eit rekordille allergiutbrot! Det var heilt krise. Eg kunne knapt opne det høgre auget mitt. Ei i kyrkja gav meg nokre tablettar, og det hjalp, men irritasjonen varte ut kvelden. Det er som å ha to-tre hår i auget, som du ikkje kan ta ut. Du må heller ikkje finne på å klø deg, då blir det kun værre. Pollenspreiinga er på eit historisk høgt nivå desse dagane, så eg ringte ein lege i Ørsta i dag og fekk han til å faxe ein resept. Dersom du ikkje har resept får du berre kjøpt 7 tablettar i gongen, dyrt, og det blir for dumt når eg mest sansynleg må gå på medisin i heile sommar.

Men no må eg ete middag. Skal skrive meir veldig snart, eg lovar!

30 april, 2006

Å vere bønnesvaret

Når eg held vitnesbyrd eller pratar til nokon om bønnesvar, slår den same tanken alltid ned i meg: er dette verkeleg frå Gud? Eg har jo ingen garranti om det, for det kunne jo skjedd tilfeldig. Eg tvilar, rett og slett. I dag har det allerede skjedd noko stilig. Tilfeldig? Kanskje. Eg kallar det bønnesvar!

Eg vaknar tidleg, og merkar at eg ligg delvis påkledd under dyna med linser på og ein ånde som vitnar om manglande tannpuss kvelden før. TV-en og lyset ved senga blei heller aldri skrudd av, og veltrente, lettkledde TVShop-damer helsar god morgon. Timinga er god, for eg har akkurat tid til frukost og dusjing før bussen går til gudstenesta klokka 11:00. Eg sjekkar mkirken.no for å vere sikker. "Generasjonsgudstjeneste". Eg har ansvaret for grilling under kirkekaffien, og skal spele til lovsongen. Dette blir bra.

Den einaste bussen eg kan ta, går 10:04. Når eg kjem fram er kyrkja heilt tom. Ingen bilar utanfor. Låst. Kanskje gudstenesta startar 12:00? Eg låser meg inn og tek til å leite etter trommestikker. Kan jo øve medan eg ventar. Etter fem-ti minutt kjem Kirsten, ho er ansvarleg for gudstenesta. "Hva gjør du her nå? Det begynner ikke før fire, vet du?". 16:00, faktisk. Over fem timar til! Eg fann ingen trommestikker.

Så idiotisk, eg ler av meg sjølv. Kirsten tilbyr seg å køyre meg heim, men eg nølar. Dette er jo min feil. "Ok, da!", det er sikkert ein time til neste buss. Ho må stoppe ved huset sitt for å hente førarkortet. Ho hentar lappen og set seg i bilen. Så nemnar ho, på veg til å vri om nøkkelen: "det er krise hjemme nå, laptopen til mannen min har klikka, og han må ha klart en presentasjon til jobben på tirsdag!". "Kan eg ikkje bli med inn å sjå på det, når eg først er her?", spør eg. Vi går inn.

Laptopen inneheld eit dokument som Jørg Inge skal presentere i USA om eit par veker. Han er avhengig av at laptopen fungerar, og treng dokumentet allerede til tirsdag. Problemet var overkommeleg, og er fiksa i løpet av nokre minutt. "For en halvtime siden tok jeg i PC-en og ba til Jesus om at ha måtte hjelpe meg!", sa Jørg Inge. For ein halvtime sidan. Jørg Inge ringer, Gud bringer.

Eg kunne ha forsove meg. Eg kunne ha sjekka tidspunktet på mkirken.no. Eg kunne hugsa at sist generasjonsgudsteneste begynnte klokka 16:00. Eg kunne funne trommestikker og blitt igjen i kyrkja. Eg kunne ha takka nei til skyssen. Ho kunne hatt med seg førarkortet til kyrkja. Ho kunne lat vere å seie det med laptopen. Eg kunne blitt sittande, sidan vi eigentleg var på veg heim.

Tilfeldig? Kanskje. Eg kallar det bønnesvar!

Yeah, baby!

Gjett kven som fekk plass på Ansgar!

Dette var kjekt, gitt. Eg skal gå Bibel og Musikk, eit år eg trur blir bra for meg på fleire måtar: andeleg, sosialt og musikalsk. Eg spelar trommer og cello, for de som ikkje veit det, dog celloen har leie på hylla dei siste fem åra. Eg visste eg skulle vere i Kristiansand neste år, og då må vel Ansgar vere midt i blinken.

Eg har bestemt meg for å ikkje bu på skulen, men fortsette på Lund. Kontrakta her går ut no i slutten av månaden, så det hastar med å finne nytt husrom. På Lund. Nokon som vil bu saman med meg? Eg har allerede prata med buddy Odd om dette, men han klarar ikkje heilt å bestemme seg.

Eg har og bestemt meg for å ikkje leve Ansgar-livet 110%, slik mange gjer. Det er sikkert heilt topp, men eg skal for det første ikkje bu der, for det andre har eg opp til fleire miljø her i byen, for det tredje tener eg i Randesund Misjonskirke og for det fjerde er eg litt eldre enn flesteparten. Det freistar ikkje like mykje med folkehøgskule-internat-koz-vaffel-pysjamas-galskap no lengre. Eller kanskje det ikkje er sånn der? Eller kanskje eg berre trur eg ikkje likar slikt? Heh, skal sjå eg sit der på internatet i pysjamas med vaffelen i handa og kozar om nokre månader.

Men uansett, folkens, då har de meg plassert eit heilt år framover! Yeah, baby!

28 april, 2006

Gåstavar og selleri neste

I går- og i dag tildeg har eg og buddy Odd Norvall, ja, dette er galskap, hald deg fast, brace yourselves, etc.: vi har jogga!

Jogging, altså. Det er jo ingen big deal når ein først er i gong, ein må berre kome seg ut. Véret har vore kjempestas i det siste, i alle fall på morgonen. Så når Odd sendte melding ugudeleg tidleg i går, hadde eg rett og slett inga unskydning. Det er med andre ord ikkje mitt initiativ, dette her. Den skal Odd ha for seg sjølv.

Sist gong eg jogga hugsar eg godt, det er tre år sidan, eg skulle trimme ned magen etter å ha budd hjå farmor i eitt år. Heime i Ørsta venta dama og sommaren, så det gjekk ikkje å sjå slakteklar ut. No er sommaren her igjen, dog utan dame eller bilringar i særleg grad. Men jogge gjer eg. Det er vel eigentleg berre godt å gjere noko. Ein god start på dagen, må eg innrømme.

Nokre glimt frå dagens tur i Baneheia:


I toppen der sit ein vassekte hakkespett! På ekte!


Odd på kvilebenken


Den same benken frå ein annan vinkel


Lekkerbisken


Posers


Gutta på tur


Psykiatrien på tur