26 april, 2006

Dagsreferat

Dette har vore ein innhaldsrik dag, gitt. Eg berre skriblar ned nokre høgdepunkt, sidan eg ikkje får sove.

- Eg sto opp tidleg og jobba tre-fire timar. Sto opp tidleg, altså.

- Eg ba meir enn normalt, - målretta, for bestemte personar. Det skal bli ei daglegdags oppgåve, har eg tenkt. Ta kontakt om du treng forbøn.

- Eg prøvde å hente ut data frå ein kræsja 2,5"-harddisk, og ikkje kven som helst sin harddisk: den tilhøyrer leiaren for studentmisjon i Sentral-Asia. Innhaldet var fortapt, dog. Ta backup, folkens.

- Eg fekk servert kaffi ved tre anledningar i dag: hjå ein kamerat, hjå tanta mi og på møte. Eg vil tru vi snakkar ti koppar. Ikkje rart eg sit her og ristar klokka tre om natta.

- Eg vaska kjøkengolvet og trappa, samt støvsugde her og der. Glenn, fyren eg bur saman med, sa han blei blenda av resultatet.

- Eg besøkte ein kamerat med behov for litt selskap og samtale. That's what friends are for.

- Eg møtte opp til eit møte som var avlyst, i regn og greier. Utfallet blei at eg besøkte tanta mi i staden for, der eg fekk smake Toffeefee for første gong. Steis! Det var så godt, eg gløymte regnet og bomturen og alt.

- Eg tok til å sjå sesong 4 av serien "24". Den er så usansynleg bra! Greia er at eg har alle episodene liggande, så det går fort to, tre, fire, fem i slengen. Farleg.

- Eg vart med som ein av tre initiativtakarar som skal jobbe for eit levande musikkmiljø i kyrkja. Vi hadde vårt første møte i kveld, og eg har skikkeleg trua!

- Eg fann ut at ein av dei andre tre er ein legendarisk trommis, og avtalte å ta nokre timar med han. Håper han kan lære meg betre teknikk.

- Eg merka at eg fekk ro på meg med tanke på neste år, for dette initiativet i kyrkja passar perfekt i hop med at eg skal gå Bibel og Musikk på Ansgar. Tilfeldig?

- Eg var på nippet til å klippe av meg alt håret, igjen, men klarte ikkje bestemme meg i dag heller. Eg ser alt for streit ut. Hmm, eg er jo streit. Er eg streit? Hjelp! Eg er streit!

Og med det takkar eg for i dag. God natt.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Du er en fantastisk man. Det er meget gøy å følge med på hva du skriver, virkelig til inspirasjon. Stå på Sæbjørn! God bless!

Anonym sa...

Hærlig dag Sæbjørn!
Ja, det er så sant så sant; du er en inspirasjon!
Konge å kunne sitte her i Oslo å følge med på livet ditt.
Ha en dag fylt med Guds kjærlighet!

Stine sa...

hørtes bra ut med det musikkgreiene altså!!
men gjerne behold håret!

Stine sa...

takk for kommentar!
har fiksa blomstertipset!