13 april, 2006

A Guided Tour: heime i Ørsta

Eg er, som de kanskje forsto i forrige innlegg, heime i Ørsta for tida. I dag har eg lurt meg unna skituren på grunnlag av prinsipp mot dårleg vér. Når eg då sat der og hadde god tid før middag og lite å gjere på, slo det meg at mange av dei eg har blitt kjent med i Kristiansand ikkje veit korleis det ser ut her eg kjem frå. Så her kjem ein slags guida tour!

Legg merke til at ting ikkje ser spesiellt strøkent ut. Du får ein usminka versjon av korleis huset kan sjå ut, ein heilt vanleg torsdag i april. Eg rydda ikkje, vaska ikkje, og har heller ikkje tukla med bileta i ettertid. The real deal! Noko anna som ikkje er strøkent, er alt som ikkje er måla utanpå huset. De kan kanskje gjette kven det er sin feil? *kremt*

Bileta er tatt med pappas splitter nye Canon EOS 350D digital SLR, for de som er interessert. Forran sit eit 18mm semi fisheye-objektiv, noko som gir eit litt ekstremt perspektiv. Vidvinkel! Trykk på bileta for ein bittelitt større versjon.


Huset sett utanfrå


Vindfanget og gangen


Kjøkenet


Etestova (spisestuen)


Stova


Gjestebadet (mitt bad!)


Pappa sitt kontor + pappa i standardposisjon


Loftstova


Gjesterom


Mitt gamle rom, no fullt av stæsj


Delar av kjellaren


Utsikt frå loftstova



Her budde eg frå eg var 5 til 19 år. Koseleg å vere heime, gitt. Fare for at det blir ein del slike bileteseriar. Håper det er greit. Bilete seier meir enn tusen ord, veit dykk.

Fekk nettopp vite at eg kjem ned att til Kristiansand litt før venta, dog eg hoppar kanskje av i Oslo og blir der ein dag eller to. Sei ifrå viss du (som bur i Oslo) vil ha besøk!

2 kommentarer:

Stine sa...

jee..likte dette innlegget. kanskje e skal gjøre det samme?
e burde enkli gjort d med hytta også i tillegg, men d er for seint nå.
det er isje alle som leser bloggen min som har vært hjemme hos meg heller, så d er vel på tide med en brifing av stavangerhjemmet mitt..

Sæbjørn sa...

Heilt klart. Tours er tingen! Blir vel ein liten tour av skandalehybelen i Kristiansand og, før vi blir kasta ut i slutten av mai. Ghettotoalettet er eit syn for gudar.