17 april, 2006

Posers

Mellom måltida frukost og middag har eg og Ole Andreas gått tur i Oslos gater. Igjen må eg riste på hovudet over all posinga. "Look at me!", liksom. Eg syns synd på dei, samtidig som eg sikkert er heilt totalt "ut" i H&M-bukse, H&M-jakke, einsfarga t-skjorte til 50 kr., 3-for-1 noname-boxer, noname-sokkar stjåle frå pappa, billege Eurosko-sko og uflidd hår eg har klipt sjølv.

Kven har eit problem? Mr. and Mrs. Successfull eller fattig-og-ikkje-peiling-på-trendar-Sæbjørn? Det er to alternativ og to riktige svar, men ein må spørre seg kva som ligg i ordet "problem" her.

Det er nok mykje vi ikkje ser bak dei fancy fasadane. Dei har kanskje ikkje problem med sosial status, blikk eller sjølvkjensle. Flott for dei. Dette blir reine spekulasjonar. Eller, kanskje det er nettopp dette dei har? For nokon er det ein hobby å følge med på motar og trendar, shoppe og stase seg opp, og det er sikkert kjekt. Men kva med alle dei andre? Så trist det må vere å føle seg ubekvem og utanfor på grunn av ytre, kosmetiske verdiar.

Eg har ikkje alltid hatt dårleg råd, det er eigentleg berre dei siste par åra. Likevel er eg heilt utanfor trendar og handlar ytterst skjeldan klé. Kjøpte meg nye sko no i påska, men det etter å ha brukt eitt par sko kvar dag i over eitt år. Og dei fekk eg. Er det rart eg kallar bloggen SkanDahle?

No overaskar det vel ingen at eg ikkje har draget, og dykk som kjenner meg veit dette. To-tre år sidan sist forhold, jada jada, bla bla. Men ærleg tala: dersom jenter vurderar meg på grunnlag av korleis eg ser ut, kan dei berre ha det så godt.


Typisk eksempel på posers

2 kommentarer:

Stine sa...

kongebilder!

Anonym sa...

er nok fare for at flere jenter ser på deg med store øyne og beundring i blikket, både ditt indre og ditt ytre.. hehe:D