18 april, 2006

Tips: sjekk bloggar med RSS-feeds og Opera

Dette tipset er til deg som les ein haug med bloggar, eventuellt til deg som har lyst til å lese mange, men ikkje gidd å sjekke ein og ein. Ja, spesiellt til deg. Dette høyrest kanskje avansert ut, men det er det ikkje.


RSS er lure greier. Det er kort forklart ei lita fil som inneheld eit samandrag over noko, i vårt tilfelle: blogginnlegg. Denne fila blir laga automatisk, og ramsar til ei kvar tid opp dei siste blogginnlegga til ein viss brukar. Deg, for eksempel, dersom du har ein blogg. Når du skriv eit nytt innlegg, vil denne hamne øverst i samandraget ditt.

Du brukar eit visst program for å sjekke desse filene, og merk: gjerne mange om gangen! Så mange du vil. Du kan til og med be programmet sjekke filene for deg regelmessig, f.eks. kvar halvtime, og gi beskjed dersom det finn noko nytt.

Tenk deg at du har lagt inn bloggane til alle du kjenner, kanskje ti forskjellige. Ein annan stad i værda sit veninda di, Marianne, og publiserar eit nytt innlegg om den crazy katten sin. Ho er ein av dei ti. Det har no gått ein halvtime sidan sist gong programmet ditt oppdaterte seg, så det byrjar automatisk å kontrollere dei ti RSS-filene, ein etter ein. Ni av desse filene var prikk like sist gong programmet sjekka, men Marianne si fil inneheld ei ny oppføring i samandraget (det nye innlegget om katten). Programmet gir då beskjed til deg, viser deg overskrifta på innlegget, og let deg hoppe rett inn via nettlesaren.

Lurt? Ja. Du slapp å sjekke dei ni bloggane der det ikkje var kome noko nytt. I tillegg fekk du beskjed med ein gong innlegget kom, dvs. slutt på å lese innlegg med utdatert innhald fordi du berre gidd å "ta runda" annankvar dag.

Du forstår poenget. Så korleis kome i gang? Du treng to ting:
1. Adressene til bloggar du vil følge med på.
2. Eit program som sjekkar RSS-feeds for deg.

1.
Den første er enkel, i alle fall her på Blogger. Adressa til bloggen min er:
http://skandahle.blogspot.com
... og adressa til RSS-feeden min er:
http://skandahle.blogspot.com/atom.xml
Du puttar altså berre "/atom.xml" på slutten av adressene. Enkelt.

2.
Når det gjeld kva program du bør bruke, fins det eit utal å velge mellom. Det er faktisk stor sjangs for at eit program du allerede har kan sjekke RSS-feeds. Det greiaste er viss nettlesaren din klarar dette, - det er jo den du skal lese i bloggane med uansett, og den har du ofte framme på skjermen.

Dei fleste brukar Microsoft Internet Explorer som nettlesar (eg kallar den "IE" frå no av). IE kan ikkje sjekke RSS, og er ein rein invitasjon til spam, spionasje, reklame og virus. Sidan så mange brukar den, er den ekstremt missbrukt.

Ein nettlesar du vil kjenne deg igjen i, som er enkel å bruke og langt sikrare enn IE, er Opera. Den kan sjekke RSS-feeds for deg, ser bra ut og er rask. Last ned Opera gratis her: engelsk, bokmål, eller nynorsk versjon. No kan du slå to fluger i ein smekk: surf sikrare og kom i gang med effektiv blogglesing med RSS-feeds.

Når du har lasta ned-, lagt inn- og starta Opera, kan du prøve å trykke på denne linken (i Opera), eventuellt kan du lime inn ...

"http://skandahle.blogspot.com/atom.xml"

... i adressefeltet (utan hermeteikn). Adressa leiar til min RSS-feed. Opera spør deg då om du vil melde deg på "SkanDahle", noko du sjølvsagt vil.


I det du trykkar på knappen viser det seg ei liste over mine siste innlegg, og du har fått ein ny meny øverst i Opera som heiter "Feeds", "Kanaler" eller "Info-kanaler". Nederst i denne nye menyen ser du namnet på min feed og eit tal i parentes. Talet viser antal nye innlegg.


Prøv å legge inn fleire feeds til folk du kjenner, og sjå lista vokse. Når du trykker på eitt av namna i menyen, får du opp vindauget til den respektive bloggen. Marker innlegga som lest ved å anten trykke på ein og ein, eller merke fleire og høgreklikk/trykk direkte på k-knapen på tastaturet. Når Opera finn eit nytt innlegg (dvs. eit innlegg du ikkjer har markert som lest) i ein av bloggane, blir skrifta feit, og det vil stå "(1)" bak namnet.


Som standard sjekkar Opera alle RSS-feeds du har lagt inn kvar 3. time. Viss du vil sjekke oftare, kan du endre på det slik som vist på biletet under (trykk for stor utgåve). Repeter eventuellt dette for fleire feeds på lista.


Sånn, då er du i gang! No treng du berre sjekke den nye menyen din i Opera, så har du kontroll på x antal bloggar i ein sleng. Det fins sjølvsagt enda betre måtar å gjere dette på, men denne er enkel og gjer jobben. Viss det var noko du ikkje forsto må du berre skrive ein kommentar på dette innlegget, så svarar eg. Lykke til!

3 kommentarer:

Anonym sa...

smart!! :D

patrick sa...

hey! jeg viste ikke at du blogget. men har lagt deg til som en link fra bloggen min!!

vi snakkes vel snart :)

Sæbjørn sa...

Ja, bloggen er ganske fersk. Linkar er bra, I'll return the favour.