12 april, 2006

Det var sanneleg på tide!

Hmm.. det er jo litt snodig: eg sit på nettet konstant, men har ikkje somla meg til å skrive blogg før no. Eg har jo haugar og skrive om, - kva har hindra meg?

Av ein eller annan grunn har eg tenkt at ein blogg liksom skal vere seriøs, omhandle politikk, samfunskritikk osb. Fekk berre med meg vinnaren av "Årets Blogger"-awarden og sånn, som ofte går til slike samfunnsorienterte forståsegpåarar. Når eg tenker meg om har eg aldri lest eit einaste blogginnlegg før no, i dag.

Nye bekjentskapar førar med seg så mangt, og denne gongen var det ei ny veninde som sørga for påskelitteratur til meg: ikkje krim, men bloggen hennar! Og det er jo genialt, folkens. Snakkar om bli-kjent-quick-scheme! Dvs. ein blir jo ikkje kjent, men får med seg livshistorikk og syn på forskjellige ting. Nyttig.

Det er med andre ord meininga at de skal bli betre kjent med meg no, framover. Her. Eg veit ikkje korleis det blir å skrive ting som omhandlar de som mest sansynleg les denne spalta. Eg er jo ein rett-frå-levra-kinda-guy. Spanande. Eg treng trening i dette, - kjem til å skrive ein heil haug no i starten, kan eg tenke meg. Kommenter mykje, folkens, det set eg pris på. Ver gjerne ueinig med meg, det er eg van til =)

No er klokka 04:00 og eg skal på ski med mamma om få timar. Det kjem nok eitt og anna innlegg i morgon, så følg med! Steis, eg gler meg til å skrive meir! Somebody stop me!