Så på kva øyre skal ein lytte? Eg opplever det slik at Gud er så klar for action, men utan å ta initiativ, medan Djevelen kviskrar og skravlar anten du vil eller ikkje. Det er vel det derre "fri vilje". Gud vil at vi skal kome til han, noko eg tydelegvis er alt for dårleg til. Trur eg haldt meg for det eine øyret i dag. Guds øyre. Noko så dumt.
Det verste er at eg gjenkjente Djevelen ganske tidleg, utan å gjere noko med det. Han er jo alltid klar for å dra meg ned, og i dag låg forholda så absolutt til rette. Eg står opp seint, utset eit oppdrag frå jobben, set meg forran PC-en med dataspel i eine handa og ein dårleg frukost i den andre. Eg skriv eit deppa innlegg i bloggen og lar det gå time etter time med ... ingenting. Eg tenker stadig på kva eg gjer på, altså ingenting. Eg gir Djevelen fingeren.
Brått er eg inne i velkjente tankar om kor giddalaus eg er, korleis eg ikkje fullførte studiar i år heller, mangelen på mål og meining. Eg gir Djevelen fingeren. Han minner meg på delar av fortida eg helst vil gløyme, at eg ikkje brukar evnene mine, at eg er singel tredje året på rad, at eg generellt ikkje får det til. Eg gir Djevelen fingeren, - han tek heile handa.
Det er rart med det, korleis ein frivillig kan slå følge med Djevelen langt ned i mørkret. Kvifor skal det vere så vanskeleg å be når ein har konkret behov for Jesus? Djevelen hadde taket på meg i dag, og fekk meg til å like det, syns synd på meg sjølv. Gi opp. På eitt tidspunkt føltest det deilig å berre sitte der og vere elendig.

Med ei enkel bøn, ved å ydmyke meg for Gud, kunne dagen i dag vore ganske anleis.
2 kommentarer:
Bra Sæbjørn!
Stå på!!!!DU er unik for Gud!!
Hei Sæbjørn! Glimrende blogg! Du skriver godt ikke minst er det noen fantastisk ærlige vitnesbyrd. Denne bloggen skal jeg følge med på. Jeg legger deg som link på vår side. Jeg blir så utrolig glad når jeg leser dette! Stå på Sæbjørn, husk jesus vant kampen for 2000 år siden, ikke glem det!
Guds fred fra oss i London
Legg inn en kommentar