24 april, 2006

The ultimate high

Det er berre ein som kan snu livet opp ned, radikalt, på kort varsel. Det er ikkje meir enn fire dagar sidan eg sat her, i denne stolen, med eit behov for å skrive om Satan. No sit eg her igjen, men dette innlegget dreiar seg om ein ganske annan kar.

Og nei, eg skal ikkje skrive om rusmiddel. For de som ikkje skjønte overskrifta, er "high" det same som "rus". Den ultimate rus. Den Gamle Sæbjørn (DGS) kunne kokt effekten av rus ned til tre ord: gøy, risikabel og sløvande. Det kan virke som om DGS har peiling på rus og veit kva han pratar om, men han har ikkje erfart ein overdose Jesus! Denne helga har vore ein konstant trip, som det heiter. Fantastisk, spanande og skjerpande: that's more like it!

Greit, eg skal kutte rusmetaforane. Klisjé, seier du? Dei er i så fall klisjéar med god grunn.

På fredag bar det til fjells, sjølv om det neppe var høgt over havet. Hægeland er eit stykke land ein time nordover frå Kristiansand, ikkje så langt frå metropolen Øvrebø. Teamet eg er ein del av, som skal til Mexico i sommar, fekk låne ei diger hytte der oppe, og det var duka for weekend.

Vi er ikkje så mange på teamet, rundt ti stykk, og det passar meg bra. Det var håp om større påmelding, men vi endte opp med kun leiarar. Og kven veit: kanskje det var ein grunn til det. Eg merkar at vi kan fokusere smalare, utan å ta hensyn til to grupperingar innad i teamet. Behageleg, effektvivt, straumlinjeforma. Klart, det hadde vore stas med femten ungdommar på turen, men det ungdomsarbeidet i Randesund Misjonskirke treng no, er ei nytenkande, engasjert og inspirert leiargruppe. Rekrutering av nye leiarar treng ikkje skje på andre sida av jorda.

Mitt mål med helga var å føle teamspirit. Det er slik at vi møtest ein gong i veka på eit kontor, og det boostar ikkje kjensla av felleskap i særleg grad. Det gjer derimot ein weekend. Og jammen blei det ikkje både teamspirit og felleskap på hytta dei dagane, ja, alle forventningar blei infridd! Vi grilla og solte oss saman, leika saman, laga mat og åt saman, ba og lovsong saman. Felleskap er ei fantastisk gåve!


F.v.: Rune, Inger Malene, Birgitte, Silje og Kjetil

Eg merka eit heftig antiklimaks når eg kom heim i dag, midt på dagen. Kor blei dei av? Det er jo berre meg her! Eg ville ha meir, eg var høgt oppe. High. Jammen flaks at det var sundag og møte på Salem om få timar. Eg takka Gud for glimrande timing.

Utan å skrive eit langt referat frå kveldsmøtet, kan eg seie at det var heilt spesiellt. I alle fallfor meg. Vaksendåp, amerikansk gjestetalar, trøkk i lovsongen, you name it. Alt stemte. Under siste økt med lovsong kunne eg enkelt letta og svevd over forsamlinga. Eg klarte knapt å stå stille, og tok tak i- og rista sidemannen, stakkar. Snakkar om krona på verket, ei helg med fullt fokus på Gud og dei rundt meg. Så heldig eg er!

Dette innlegget kunne blitt kjempelangt, men eg skal heller ta med meg inspirasjon frå helga og blogge om detaljar seinare. Følg med.


Sæbjørn blir brun og mett på same tid

Takk, Gud, og alle andre som møtte meg i helga. Dette trengte eg!

3 kommentarer:

patrick sa...

veldig bra å høre!!! kult at du hadde en slik bra helg!!

Tybakken sa...

Hei Sæbby! Nok engang et legendarisk innlegg. Er man deppa er det bare å lese et av dine inlegg, så er man oppe igjen. Guds fred Sæbjørn!

Fredrik

Anonym sa...

Hehe. Bra eg han cheere dykk up, som det heiter.