15 april, 2006

Påskerefleksjonar

Påska er enno ikkje over, men det følest slik. Eg skal reise i morgon tidleg, frå ein heim til ein annan, 90 mil sør. Viss eg ser bakover i historia, bør eg vere litt trist, i alle fall ikkje sitte her åleine forran ein PC. Eg burde vere ute med ein vennegjeng, utnytta laurdagen, sosialisere meg alt eg kan. Men noko er annleis i år.


Etter at eg kom inn på Salem i Kristiansand i haust, har det skjedd store ting: ein sosial eksplosjon! Eg blei tidleg dradd med på ting, stadig kjent med fleire, var alltid velkommen. Nokon av dei eg har møtt er no nære vener, og eg føler eg har vorte ein del av gjengen. Det har gått usansynleg fort, og takk Gud for det: eg har fått metta eit behov eg ikkje visste eg hadde.

I snart to år har eg vore ein del av ungdomsarbeidet i Randesund Misjonskirke. Det var der eg blei frelst, og det er eg høyrer heime. Når eg kom inn i arbeidet var det som å gå frå blakk til millionær, - Gud gav meg alt på ein gong. Men det eg ikkje har merka, før no, er at eg har havna mellom to aldersgrupperingar. Ungdommane er rundt 15 år, dei andre leiarane 16-20 og 26+. Eg er 23.

Eg trudde ikkje dette var så nøye, men eg merkar det godt når eg er på Salem. Dialogen, interessene, døgnrytmen, - alt berre stemmer så mykje betre. Bølgelengde, er ordet.

For å kome tilbake til poenget: turane heim til Ørsta har ikkje same mål lengre, merkar eg. Her fekk eg noko Kristiansand ikkje gav meg: felleskap med vener på min eigen alder. No har eg ein fantastisk gjeng i Kristiansand, og sanninga er at eg lengtar ned att!

De som har blitt kjent med meg der nede, ser Den Nye Sæbjørn. Dei som kjenner meg her, ser Den Gamle Sæbjørn. Eg er glad i alle her oppe, det er ikkje det, men slik det er no vert livet i Ørsta eit etterslep. Kvar gong eg er her, sit heime, møter folk og er på fest, vert eg minna på alt som høyrer til livet før Jesus. Her blir eg freista!

Difor er det så godt å vere Den Nye Sæbjørn blant folk som tek meg for den eg er, ikkje ser ein Sæbjørn svartmåla av tidlegare hendingar. Når eg er blandt dykk, ser eg kven er verkeleg er, kven eg har blitt, og svartmålar heller ikkje meg sjølv. I Kristiansand er det håp, her er det kamp!

Dette er kanskje harde ord for gjengen her i Ørsta, men ikkje ta det personleg. Dette skjer inne i meg, og eg klandrar ikkje dykk for noko. Vi har det alltid moro saman. Takk for meg, - vi snakkast til sommaren.

4 kommentarer:

Nina sa...

For et bra innlegg! Håper bare det fortsette å falle enda flere brikker på plass, og at oppturene fortsatt! Ha en riktig god påske videre. -en annen salemgjenger-

Stine sa...

d er herlig at du er en aktiv blogger. elsker når e sjekker bloggene hver dag og d er noe nytt hver gang!

Tor Gunnar sa...

Veldig glad for at du har funnet et miljø i Salem! Godt å vite at selv et digert og uoversiktelig miljø kan være (kanskje takket være at du kjenner de 'rette' menneskene) innkluderende!

Vær velsignet!

Sæbjørn sa...

Eg har så definitivt vore heldig med "riktige" menneske, det har gitt meg ein billett/snarveg inn i miljøet. Det er jo ganske digert og uoversikteleg, som du seier. Veldig gøy at folk eg ikkje kjenner (?) les bloggen, forresten! Vil fortsette å oppdatere den dagleg, så ofte eg har sjangs.